Hopp til innhold

Bli med og få ting til å fungere, kvar dag

Arbeidsgiver

ENGEBØ RUTILE AND GARNET AS

Sted

Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal

Om jobben

Stillingstittel
Driftsoperatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk snarest mulig

På Engebø er vi i drift, og no ser vi etter ein praktisk og løysingsorientert driftsoperatør som likar å ta i eit tak der det trengst. Dette er ei variert rolle for deg som trivst med å jobbe både sjølvstendig og saman med andre, og som ikkje er redd for å skru litt, fikse litt og bidra der det oppstår behov.

Kva går jobben ut på?

Som driftsoperatør vil du få ei viktig rolle i den daglege drifta. Arbeidskvardagen er variert, og du vil mellom anna jobbe med:

  • Enkelt vedlikehald og oppfølging av maskiner og utstyr

  • Køyre hjullaster, gravemaskin, truck og kran

  • Praktiske oppgåver på anlegget, stort og smått

  • Bistå andre avdelingar ved behov

Du blir ein del av eit aktivt driftsmiljø der ting skjer.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som:

  • Har praktisk erfaring og likar å skru og fikse ting

  • Er sjølvstendig, men også ein lagspelar

  • Er løysingsorientert og tek initiativ

  • Har gode samarbeidsevner

Det er ein fordel om du også:

  • Har erfaring med maskiner eller køyretøy

  • Kan bidra med enkelt snekkerarbeid eller anna praktisk arbeid

  • Er fleksibel og kan jobbe enkelte kveldar og helgar ved behov

Kvalifikasjonar

  • Det er ikkje krav om fagbrev, men praktisk erfaring med vedlikehald er viktig

  • Du må kunne lese og skrive norsk

  • Det er ein fordel om du også beherskar engelsk

Arbeidstid

Stillinga er i utgangspunktet dagtid, men vi ser etter deg som har fleksibilitet til å bidra utanfor ordinær arbeidstid når det trengst.

Kvifor jobbe hos oss?

Hos oss blir du ein del av eit anlegg i drift, der du får bruke hendene, hovudet og erfaringa di, og sjå konkrete resultat av det du gjer.

Vi vurderer søknader og kallar inn til intervju fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke.

Om bedriften

Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3bc4f123-a19f-490c-a151-0c7bb148e301

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

460796164

Lignende annonser

Laster lignende annonser