ULSTEIN søker Head of ERP
ULSTEIN
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Head of ERP
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. desember
No søker vi etter ein Head of ERP som kan bidra til å modernisere og effektivisere arbeidsprosessane våre knyttet til ERP. Stillinga er tilknytt Ulstein Verft, men har ein viktig rolle som konsernfunksjon som støttar heile Ulstein Group. Dette gir deg unik innsikt og påverknad på tvers av fleire selskap.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som Head of ERP får du operativt fagansvar for å utvikle, drifte og vidareutvikle dei digitale ERP-løysingane våre. Dette skal bidra til betre innsikt, auka automatisering og betre samhandling i heile organisasjonen.
Du vil arbeide tett med Business Applications teamet, IT, prosesseigarar, Key Users frå ulike fagområde og selskap, og vår leverandør. Oppgåvene vil variere frå dagleg problemløysing saman med brukarane til deltaking i interne forbetringsprosjekt.
Dine viktigste oppgåver inkluderer
- operativt fagansvar for drift og vedlikehald av Microsoft Dynamics 365 Finance & Operations (F&O)
- forbetring og vidareutvikling av forretningsprosessar knytt til ERP
- utvikling og vedlikehald av PowerBI-rapportar
- koordinering og leiing av avgrensa interne digitaliserings- og forbetringsprosjekt
- å identifisere og automatisere manuelle prosessar ved hjelp av verktøy som Power Automate, Power Apps og Copilot Studio
Arbeidsstad er Ulsteinvik.
Din profil
Vi søkjer etter deg som er ein selvgåande og operativ problemløysar, og som brenn for kontinuerleg forbetring og å finne dei gode løysingane. Du kan sjå deg sjølv som ein digital prosessutviklar.
Din personlege profil:
- Du er analytisk og strukturert, og har evna til å sjå samanheng mellom data, prosessar og forretningsmål – for å skape verdi for organisasjonen.
- Du er nysgjerrig på ny teknologi, digitalisering, automatisering og KI.
- Du er genuint interessert i å hjelpe og støtte brukarane.
- Du har fokus på god kommunikasjon og samarbeid for å lukkast i tverrfaglege team.
Ønska kompetanse og bakgrunn:
- Høgare relevant utdanning.
- Relevant erfaring frå prosjektbasert industri eller konsulenterfaring.
- Erfaring frå implementering, drift og/eller vidareutvikling av forretningssystem.
- Erfaring med Microsoft Dynamics 365 F&O er ein fordel, men ikkje eit krav.
- God systemforståing, gjerne med bakgrunn frå økonomi, prosjekt, supply chain, logistikk eller IT.
- Erfaring med å koordinere og leie mindre, avgrensa forbetringsprosjekt.
ULSTEIN tilbyr
- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
- Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår,, god pensjonsordning og gode forsikringsordningar.
Kvifor velje ULSTEIN?
- Du får utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
- Du blir ein nøkkelperson i interne digitale- og forbetringsprosjekt.
- Du får moglegheit til å jobbe med ny teknologi og eit godt fagleg miljø med høve til personleg utvikling innan digitalisering og prosessutvikling.
- Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, god pensjonsordning og gode forsikringsordninger.
- Du blir ein del av eit innovativt og framoverlent miljø som bygg på 100 års erfaring
Søknadsfrist: 8. desember – søknader blir fortløpande vurderte
ØNSKJER DU MEIR INFORMASJON OM STILLINGA?
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgivarane
- Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909
- Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200
Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i ULSTEIN i den innleiande fasen dersom det er ønskeleg. Tiltreding etter avtale.
Kontaktinformasjon
Marita Stakkestad Hanstveit, Rådgiver - research & analyse, +47 452 53 909, msh@hamnoy.noJan Tore Hamnøy, Rådgiver, +47 411 02 200, fad@hamnoy.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: ULSTEINReferansenr.: 5044656415
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.
For meir informasjon, sjå ulstein.com
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8fa4145d-70be-44df-850e-3ae1934a5f1e
- Sist endret
20. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c83ec6ad94e2406c824994a6501e0b3e
Lignende annonser
Lagermedarbeidar
Arbeidsgiver
Ulstein Verft AS
Sted
Ulsteinvik
Chief designer - naval architect
Arbeidsgiver
HAV DESIGN AS
Sted
Fosnavåg
Arbeidsgiver
Vard Group AS
Sted
Søvik, Ålesund