Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Kirurgiske poliklinikker SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i dag

Har du lyst å bli ein del av vårt flotte og engasjerte team på Kirurgiske poliklinikker? Vi er ein seksjon med fokus på høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø, og vi håper du vil bli ein av oss!

Kirurgiske poliklinikker ved klinikk SNR har ledig ei fast 100 % stilling som sjukepleiar, med arbeid i Kristiansund og på Hjelset.

Som sjukepleiar på vår poliklinikk blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeidar i team med andre faggrupper. Vi behandlar pasientar henvist frå fastlege og andre instansar for vurdering og behandling innan kirurgi, urologi, ortopedi, gastro, plastikk og gynekologi. Vi utfører mindre kirurgiske inngrep, har kontrollar og oppfølging av pasientar. I tillegg har vi sjukepleiarar med spisskompetanse innan stomioppfølging, sårbehandling og urologi som gjennomfører eigne polikliniske konsultasjonar.
Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje!

Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

Tilsetting snarast etter avtale med leiar.
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Assistere legar i undersøkingar og behandling av pasientar
  • Sjølvstendig sjukepleiarpoliklinikk
  • Dokumentasjon
  • Legemiddelhåndtering
  • Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskaper, skriftleg og muntleg
  • Erfaring fra kirurgiske fag er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er engasjert og lærevillig 
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar 
  • Du må trivast i eit aktivt og hektisk miljø
  • Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Ida Gule, Seksjonsleiar, +47 95940303, ida.gule@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5098910672
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Ida Gule

Seksjonsleiar

+47 95940303

ida.gule@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8f83ce00-6b19-4108-a24f-8f663985879c

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9d1985f9dc8c4b7ab8c330465961f4e5

Lignende annonser

Laster lignende annonser