Er du helsefagarbeidar og engasjert i eldreomsorg? Bli med på laget vårt!
Osterøy kommune
Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar – 100 % fast stilling med langvakter ved avdeling for personar med demens
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 19. desember
Om stillinga
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge som vi er veldig stolte av. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på tre avdelingar, med tre grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9 -11 pasientar. Me har eige kjøkken, eigen lege og eit eige sjukepleiarteam. Kvar gruppe har sin primærsjukepleiar som samarbeider tett med gruppane.
Vi søkjer ein helsefagarbeidar til ei 100 % fast stilling med lange vakter på 14 timar ved avdeling for personar med demens. Stillinga har ordinær todelt turnus med arbeid kvar 4. helg.
Som helsefagarbeidar har du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane våre og i den daglege drifta av gruppa. Du deltek på legevisitt saman med sjukepleiar, og vi planlegg kompetanseheving for helsefagarbeidarar i møte med nye oppgåver og ansvarsområde.
Kven søkjer vi etter?
Vi søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!
Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Vi tilbyr deg
- Ei spanande og gjevande stilling
- Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust)
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår, for tida plasserte hjå KLP
Arbeidsoppgåver
- Heilskapeleg omsorg og pleie
- Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov
- Målretta miljøarbeid
- Primærkontaktoppgåver
- Dokumentasjon, kvalitetssikring av tiltak og oppfølging av pleieplanar
Kvalifikasjonar
- Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
- Relevant vidareutdanning er ein fordel
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøytunet er eit stad der kompetanse og kvalitet står i høgsetet. Vi er stolte av å ha eit dyktig sjukepleierteam med høg utdanning, som
saman med våre flotte helsefagarbeidarar og assistentar skaper ein trygg og omsorgsfull kvardag for bebuarane. Våre tilsette får jamleg
moglegheit til fagleg påfyll gjennom både interne og eksterne kurs, slik at dei heile tida kan utvikle seg i tråd med dei nyaste
omsorgsstandardane. Mange er også under vidareutdanning, og vi tilrettelegg for at dei kan kombinere arbeid og studiar. På Osterøytunet er vi
opptatt av at alle våre medarbeidarar skal ha dei beste føresetnadene for å gje bebuarane den omsorga dei fortener.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8eb8937a-9a4c-43b9-9470-1af94f66b372
- Sist endret
25. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10271204
Lignende annonser
Helsefagarbeidarar
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Sted
Os
Helsefagarbeidar – Natt
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Sted
Os
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester Bergenhus, Omsorgsteam Indre Sandviken
Sted
Bergen