Hopp til innhold

Brobygger med interesse for sirkulær omstilling?

Arbeidsgiver

Attvin

Sted

Alvikvegen 212, 6019 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Forretningsutviklar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Har du forretningsteft, auge for nye moglegheiter og er dyktig på å få folk med deg? Då kan du være personen vi treng.

Attvin er eit av Nordvestlandets største renovasjonsselskap. Vi har ansvar for avfallshandtering for over 100 000 innbyggjarar og verksemder -- og står midt i ei bransje som er i rask utvikling. Framover skal endå meir av avfallet bli til ressursar i ny verdiskaping. Her kjem du inn.

Hos oss får du:

  • Moglegheit til å utvikle nye inntektsstraumar med reell samfunnseffekt

  • Stort handlingsrom og påverknad

  • Eit solid fagmiljø og tydeleg eigarskap

  • Ein marknad i sterk utvikling, med store kommersielle moglegheiter

Som forretningsutviklar får du ei sentral rolle i å utvikle nye, sirkulære verdikjeder og skape lønsame løysingar som betyr noko -- både for selskapet og samfunnet.

Du vil:

  • Identifisere og utvikle nye forretningsmoglegheiter

  • Driv prosjekt frå idé til realisering

  • Arbeide strategisk med utvikling av forretningsområde

  • Analysere marknaden og byggje relasjonar med viktige kundar

  • Utvikle forretningsmodellar og leie kommersielle prosjekt

Kjennskap til avfallsfeltet er ein fordel, men ikkje eit krav -- det viktigaste er at du forstår samanhengen mellom regulering, marknad og forretningsutvikling.

Du
  • Har dokumentert erfaring med kommersiell utvikling og sal

  • Har solid bakgrunn frå prosjektleiing, inkludert budsjett og leveransar.

  • Har sterk forretningsforståing og eit strategisk blikk

  • Har evne til å ta gode og datadrevne avgjerde

  • Har ein strukturert arbeidsstil og tryggleik i komplekse prosessar

  • Har gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8e7b439e-776d-4a07-90c9-6499db01549c

Sist endret

1. april 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

440985029

Lignende annonser

Laster lignende annonser