Hopp til innhold

Sekretariatsleiar

Arbeidsgiver

Kultur- og likestillingsdepartementet

Sted

Oslo, 0179 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
Sekretariatsleiar
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 4. desember

Om stillinga

Regjeringa skal opprette eit offentleg utval som skal vurdere korleis dei medieøkonomiske verkemidla samla kan bidra til å nå dei mediepolitiske måla. Det inkluderer vurdering av dei direkte mediestøtteordningane, meirverdiavgiftsfritak for aviser og tidsskrift og kjøp av avisdistribusjon i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for eigen distribusjon.

Utvalet skal innan 1. november 2028 levere ei norsk offentleg utgreiing (NOU) som mellom anna beskriv relevante utviklingstrekk og korleis desse påverkar rammene til dei redaktørstyrte media. Utvalet skal evaluere dei eksisterande direkte mediestøtteordningane og vurdere kva mellom anna endringar i teknologi, distribusjon, marknadsforhold og mediebruk har å seie for korleis ordningane er innretta, og kor treffsikre dei er.

Utvalet skal ha eit sekretariat som blir formelt tilknytt Kultur- og likestillingsdepartementet, men skal rapportere direkte til leiaren av utvalet. Sekretariatet skal i utgangspunktet bestå av tre årsverk. I tillegg vil ein administrativ ressurs frå Kultur- og likestillingsdepartementet hjelpe sekretariatet. 

Arbeidet krev gode samarbeidsevner, stor grad av sjølvstende og evne til å sikre framdrift og struktur i store arbeidsprosessar.

Stillinga som leiar er eit engasjement i 100 prosent stilling med oppstart så snart som mogleg. Engasjementet varer i inntil to år.

Vi gjer merksam på at utlysinga for stillinga som sekretariatsmedarbeidar òg ligg ute, og aktuelle kandidatar er velkomne til å søkje på begge stillingane.


Arbeidsoppgåver

Sekretariatet skal hjelpe utvalet administrativt og fagleg, mellom anna med å hente inn relevant kunnskapsgrunnlag og forsking, planleggje og organisere møte med utvalet og møte i utvalet si referansegruppe og i tillegg utarbeide diskusjons- og vegvalsnotat og skrive sjølve utgreiinga.

Sekretariatsleiaren vil ha leiar- og koordineringsansvar for arbeid i sekretariatet og jobbe tett saman med utvalsleiaren. 


Kvalifikasjonar

Du må ha:
  • høgare utdanning på master-/hovudfagsnivå som er relevant for utvalsarbeidet
  • minimum fem års erfaring som er relevant for stillinga
  • leiarerfaring eller prosjektleiarerfaring
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • god forståing for forholdet mellom politikk og forvalting
     

Det vil vere ein fordel med
•    mediefagleg kompetanse 
•    erfaring frå utgreiingsarbeid eller forsking

Vi legg vekt på personlege eigenskapar og søkjer deg som
  • er sjølvstendig, med gode evner til strategisk og analytisk tenking
  • har stor gjennomføringsevne og trivst med å koordinere og gjennomføre større, komplekse arbeid
  • har stor arbeidskapasitet
  • er initiativrik og utviklingsorientert
  • kommuniserer og samarbeider godt med andre

Stillinga og lønn

Stillinga er plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar med lønn mellom 680 000 og 890 000 kroner. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt med høgare lønn.

Som tilsett i Kultur- og likestillingsdepartementet har du fleksibel arbeidstid, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.

Arbeidsplassen for sekretariatet vil vere i Oslo.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Offentleg søkarliste og kontakt

Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Øyvind Christensen, e-post: oyvind.christensen@kud.dep.no eller på tlf: 907 95 192.


Kontaktperson for stillingen

Øyvind Christensen

Avdelingsdirektør

+47 907 95 192

oyvind.christensen@kud.dep.no

Om bedriften

Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på 5 avdelingar og 1 kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8e6d00f3-a7bc-4c1b-8ee3-fbb91ec9853b

Sist endret

20. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10316823

Lignende annonser

Laster lignende annonser