Fast stilling som førstekonsulent i dokumentasjonseininga i forvaltingsseksjonen
Kultur- og likestillingsdepartementet
Einar Gerhardsens plass 2, 0179 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Fast stilling som førstekonsulent i dokumentasjonseininga i forvaltingsseksjonen
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. desember
Om stillinga
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein engasjert og utviklingsorientert førstekonsulent til dokumentasjonseininga i forvaltingsseksjonen. Seksjonen har ansvar for sikkerheit og beredskap, informasjonsforvalting og utvikling og drift av departementet si arkiv- og dokumentforvalting. I tillegg koordinerer seksjonen departementet sitt arbeid med digitalisering og teknologiutvikling.
Som førstekonsulent i dokumentasjonseininga vil du få innsikt i korleis eit departement arbeider, og bidra til at viktig dokumentasjon og informasjon blir forvalta korrekt, sikkert og på ein tilgjengeleg måte. Du vil jobbe tett med fagmiljøa og brukarane og få erfaring med både løpande oppgåver og utviklingsarbeid.
Departementsfellesskapet skal gjennomføre større organisatoriske endringar. Frå våren 2027 skal fagområdet informasjonsforvalting overførast til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) frå KUD. Stillinga er knytt til oppgåver som skal overførast, og den som blir tilsett, må derfor pårekne overgang til DIO.
Stillinga passar både for deg som er nyutdanna, og for deg som har nokre års relevant erfaring.
Arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna- utføre løpande oppgåver i arkiv- og dokumentforvalting
- registrere, kontrollere og kvalitetssikre dokumentasjon i saks- og arkivsystemet til departementet
- gi brukarstøtte og rettleiing til tilsette
- bidra til opplæring, rutineutvikling og dokumentasjon
- bidra til at informasjons- og dokumentasjonsforvaltinga skjer i tråd med gjeldande regelverk
- samarbeide med DIO, andre departement og leverandørar om behov
Kvalifikasjonar
Du må ha:- relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Relevant arbeidserfaring med arkiv- og dokumentasjonsforvalting kan kompensere for delar av utdanningskravet
- god digital kompetanse og interesse for digitale arbeidsverktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- erfaring med ACOS WebSak eller andre saks- og arkivsystem
- kjennskap til eller erfaring frå offentleg forvalting
- erfaring med brukarstøtte, rettleiing og opplæring
- arbeider strukturert og nøyaktig
- tek ansvar for eigne oppgåver
- samarbeider godt med andre
- har ei god serviceinnstilling
- er lærevillig og utviklingsorientert
bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Vi vil leggje stor vekt på om du er personleg eigna.
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.
Last opp attestar og vitnemål når du søkjer. Om du har fullført høgare utdanning utanfor Noreg, må utdanninga vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Vi tilbyr
- innplassering som 1408 førstekonsulent med ei brutto årslønn på 580 000 til 650 000 kroner
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkarliste og kontakt
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Kontorsjef Ida Tobro på e-post: ida.tobro@kud.dep.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltinga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no, og her kan du lese meir om å jobbe i KUD.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eba81a43-fdc5-449e-b16b-fac2fb76f3e9
- Sist endret
19. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10316436