Hopp til innhold

Sekretariatsmedarbeidar

Arbeidsgiver

Kultur- og likestillingsdepartementet

Sted

Oslo, 0101 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
Sekretariatsmedarbeidar
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 4. desember

Om stillinga

Regjeringa skal opprette eit offentleg utval som skal vurdere korleis dei medieøkonomiske verkemidla samla kan bidra til å nå dei mediepolitiske måla. Det inkluderer vurdering av dei direkte mediestøtteordningane, meirverdiavgiftsfritak for aviser og tidsskrift og kjøp av avisdistribusjon i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for eigen distribusjon.

Utvalet skal innan 1. november 2028 levere ei norsk offentleg utgreiing (NOU) som mellom anna beskriv relevante utviklingstrekk og korleis desse påverkar rammene til dei redaktørstyrte media. Utvalet skal evaluere dei eksisterande direkte mediestøtteordningane og vurdere kva mellom anna endringar i teknologi, distribusjon, marknadsforhold og mediebruk har å seie for korleis ordningane er innretta, og kor treffsikre dei er.

Utvalet skal ha eit sekretariat, som formelt blir tilknytt Kultur- og likestillingsdepartementet, men skal rapportere direkte til leiaren for utvalet. Sekretariatet skal i utgangspunktet bestå av tre årsverk. I tillegg vil ein administrativ ressurs frå Kultur- og likestillingsdepartementet hjelpe sekretariatet.

Stillinga er eit engasjement i 100 prosent stilling med oppstart så snart som mogleg. Engasjementet varer i inntil to år.

Vi gjer merksam på at utlysinga for stillinga som sekretariatsleiar òg ligg ute, og aktuelle kandidatar er velkomne til å søkje på begge stillingane.
 


Arbeidsoppgåver

Sekretariatet skal hjelpe utvalet administrativt og fagleg, mellom anna med å hente inn relevant kunnskapsgrunnlag og forsking, førebu utvalsmøte og møte i utvalet si referansegruppe, utarbeide diskusjons- og vegvalsnotat og skrive sjølve utgreiinga. 


Kvalifikasjonar

Du må ha:
  • høgare utdanning på master-/hovudfagsnivå som er relevant for utvalsarbeid
  • minimum to års erfaring som er relevant for stillinga
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det vil vere ein fordel med
  • mediefagleg, økonomisk eller juridisk kompetanse
  • erfaring frå utgreiingsarbeid eller forsking
  • god forståing for forholdet mellom politikk og forvalting
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og søkjer deg som
  • er sjølvstendig, med gode evner til strategisk og analytisk tenking
  • har stor gjennomføringsevne og trivst med å koordinere og gjennomføre større, komplekse arbeid
  • har stor arbeidskapasitet
  • er initiativrik og utviklingsorientert
  • kommuniserer og samarbeider godt med andre

Stillinga og lønn

Stillinga er plassert i stillingskode 1434 rådgivar eller 1364 seniorrådgivar. Lønna er frå 620 000 – 730 000 kroner brutto per år som rådgivar eller 680 000 – 890 000 kroner brutto per år som seniorrådgivar. For å bli vurdert som seniorrådgivar må du mellom anna ha minimum fem års erfaring som er relevant for stillinga. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt med høgare lønn.

Som tilsett i Kultur- og likestillingsdepartementet har du fleksibel arbeidstid, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.

Arbeidsplass for sekretariatet vil vere i Oslo.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Offentleg søkarliste og kontakt

Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Øyvind Christensen, på e-post: oyvind.christensen@kud.dep.no eller på tlf: 907 95 192.


Kontaktperson for stillingen

Øyvind Christensen

Avdeligsdirektør

+47 907 95 192

oyvind.christensen@kud.dep.no

Om bedriften

Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på 5 avdelingar og 1 kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2d9806fb-752d-4075-9394-fd528de7c04a

Sist endret

20. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10316826

Lignende annonser

Laster lignende annonser