Hopp til innhold

Er du vår nye helsefagarbeidar?

Arbeidsgiver

Sikkerhetspost Valen sjukehus

Sted

Sjukehusvegen 26, 5451 Valen

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 26. mars

Vil du jobbe saman med denne flotte gjengen på Sikkerhetsposten?

På Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus får du moglegheita til å jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der tryggleik, omsorg og behandling står i fokus. Her får du spennande utfordringar, fagleg utvikling og eit støttande arbeidsmiljø – med blant anna fleksible arbeidsplaner, sikkerheitstillegg og tilgang til trimrom på sjukehuset.

Vi søkjer ein helsefagarbeidar som er motivert for å bidra til auka meistring og livskvalitet for pasientane våre, samtidig som du blir ein del av eit team som vil at du skal lykkast!

Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Kvar pasient har eit tverrfagleg team, kor miljøpersonal, psykiater/psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Pasientane våre kan vere innlagt over lang tid, medan andre har kortare opphald. Deira ressursar og sårbare sider er det uansett god tid til å bli kjend med.

På grunn av utfordrande og krevande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa, legg vi vekt på evne til å handtere slike situasjonar. For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje.

Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar? 

Søk no og bli med på laget vårt!

Kva går jobben ut på?

  • Omsorg og behandling tilpassa pasientens individuelle behov.
  • Observasjon og dokumentasjon av pasientforløp.
  • Overvåking og implementering av sikkerhetstiltak for pasient- og personaltryggleik.
  • Tverrfagleg samarbeid med helsepersonell som legar, psykologar og sjukepleiarar.
  • Formidle kunnskap om psykiske lidingar og relevant lovverk.
  • Handtering av utfordrande åtferd.
  • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å fremje endring.
  • Utforming av kort- og langsiktige behandlingsplanar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Helsefagutdanning (helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning).
  • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Kven er du?

Vi ser etter deg som

  • er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
  • er tilpasningsdyktig og taklar stressande sitasjonar med ro og fagleg haldning
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • etterspør rettleiing
  • er lojal i forhold til avgjerdsler

Kvifor velje oss

  • Du får sikkerheitstillegg på kr 7300 per år – som aukar til kr 10700 etter to år.
  • Etter eitt år får du ei ekstra friveke.
  • Vi legg til rette for kompetanseheving og utvikling gjennom rettleiing og opplæring.
  • Du får kurs i Møte med aggresjonsproblematikk (MAP) med anledning for trening kvar veke.
  • Vi kan vere behjelpelege med midlertidig bustad.
  • Eit profesjonelt og støttande arbeidsmiljø.
  • Moglegheit for langvakter kvar 4. helg eller normalvakter kvar 3. helg.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset.
  • Kvinnherad kommune har rimelege barnehageplassar og gratis SFO.

Kontaktinformasjon

Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, +47 53466483

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5088243586
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 07.02.2027
Søknadsfrist: 26.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Liv Rose Olderkjær Larsen

Funksjonsleiar

+47 53466483

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8e58bc14-081a-4494-8ccd-e1276f4b1246

Sist endret

12. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

854fca0b66624590acc9c9389ab57c57

Lignende annonser

Laster lignende annonser