Hopp til innhold

Lærarvikar 2025-26 - inntil 100% stilling

Arbeidsgiver

Åheim skule, Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst

Sted

Ospelida 4, 6146 Åheim

Om jobben

Stillingstittel
Lærarvikar 2025-26 - inntil 100% stilling
Oppstart
2. mars 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. februar

Vi har eit ledig vikariat som lærar ved Åheim skule ut skuleåret, i hovudsak med vekt på engelsk i ungdomstrinnet, samt individuell tilrettelagt opplæring for einskiltelevar, i faga norsk, engelsk og matematikk. Har du tysk i fagkretsen, så er det ein ekstra bonus.

Arbeidsoppgåver

i ønskjer tilsette med god kompetanse i klasseleiing og fag, har samarbeidsevne og evne til å vere med på å skape eit profesjonsfellesskap.
Åheim skule treng lærar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna. Vikariatet er på 100%, men det vil også kunne vere mogleg å arbeide redusert stilling etter avtale. 

Kvalifikasjonar

- allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7, 5-10, PPU.
- ønskjeleg med minimum 30/60 studiepoeng i basisfag
- anna relevant utdanning
- ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
- god pedagogisk digital kompetanse

- god norskspråkleg kompetanse 

- personlege eigenskapar vil blir vektlagt i intervju og ved referanse

Personlege eigenskapar

- utviklings- og løysingsorientert
- ein klar, robust og tydeleg klasseleiar
- god til å tenkje heilskapleg rundt barna sine oppvekstmiljø
- omgjengeleg, initiativrik, fleksibel.
- flink til å planlegge og gjennomføre undervisning
- god på vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
- delta i skulen sitt utviklingsarbeid
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- fremje eit godt skule-heim samarbeid
- tilsetjing med atterhald om godkjent politiattest

Vi tilbyr

Løn og tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Kommunen har gode tillegg i høve rekruttering, og gode pensjonsordningar.

Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema. CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å gje opp referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Lena Marie Landsverk, Rektor Åheim skule, 45227168, lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no

Arbeidsstad

Ospelida 4
6146 Åheim

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 5080734607
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 02.03.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 20.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Lena Marie Landsverk

Rektor Åheim skule

45227168

lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no

Om bedriften

Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar. 

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. 
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar. 

Velkomen til å søkje hjå oss! 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8d815bc2-0903-4392-8c23-4ecb47d4fee5

Sist endret

13. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5d7969efcde24435abea6a6807a775e5

Lignende annonser