Hopp til innhold

Lærarar - Høyanger skule

Arbeidsgiver

Høyanger kommune Høyanger skule/SFO

Sted

Wilhelm Bugges veg, 6993 Høyanger

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
4

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Høyanger skule er ein 1-10 skule og har ledig 400 % faste lærarstillingar frå 01.08.26.


Krav til søkjarar:

Felles for alle stillingane er at søkjarar må ha godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen.


• Stilling 1: Lærar i kunst og handverk. 60 stp i kunst og handverk eller anna relevant utdanning
• Stilling 2: Lærar for innføringsklasse. Ønskjeleg med norsk for framandspråklege.
• Stilling 3 og 4: Lærarar 1.-10. med minimum 30 studiepoeng i eitt eller fleire basisfag. Andre fagønskje er musikk og spesialpedagogikk. Det er ønskjeleg at desse kandidatane kan ta på seg kontaktlærarfunksjon.
• Det er eit stort føremon om søkjarar har erfaring frå klasseleiing.

Søkjarar må spesifisere kva for stilling dei søkjer på.

 

Personlege eigenskapar:


• God digital kompetanse
• God relasjonskompetanse
• Fagleg engasjement
• Fleksibilitet
• Gode samarbeidsevner

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!

Kvifor søkje hos oss?


• Høve til kompetanseutvikling
• Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”
• Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
• Lønn etter gjeldande tariffavtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar


Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde:

Høyanger kommune har store mogelegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.

Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.

Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!


Kvifor Høyanger?


• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på det grøne skifte og sirkulærøkonomi

• Eit rikt kultur-, lag- og organisasjonsliv

• Fokus på samskaping og samarbeid

• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, symjehall m.m.

 

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på telefon 97073335.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Politiattest må leggast fram for dei som blir tilsette.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Gro Nes Hommedal

+47 90735450 +47 57710002

gro.nes.hommedal@hoyanger.kommune.no

Om bedriften

Høyanger skule er ein fulldelt 1 – 10 skule med ca. 270 elevar, ca 29 lærarårsverk og SFO- ordning med ca. 60 born. Skulen ligg sentralt i Høyanger tettstad, nær idretts- og badeanlegg.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8d33acab-b512-409a-946b-9acbbc258202

Sist endret

16. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3618423_176901_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser