Lærarar
Høyanger kommune Høyanger kommune
August Gunnarskogs gate, 6993 Høyanger
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 28. april
Norsksenteret er organisert som ei avdeling under Høyanger skule og har ledig 200 % faste lærarstillingar frå 01.08.26. Undervisning i norsk og samfunnsfag for nykomne flyktningar og grunnskulefag i førebuande opplæring for vaksne.
Dei som vert tilsette må også ta høgde for å arbeide i grunnskulen, då elevtal og behov på norsksenteret vil kunne variere.
Krav til søkjarar:
- Stilling 1: Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen med norsk i fagkrinsen – inkl norsk som andrespråk (norsk II)
- Stilling 2: Som stilling nr 1, men med matematikk og engelsk i tillegg
- Det er eit stort føremon om søkjarar har erfaring frå klasseleiing.
Dine personlege eigenskapar
- God digital kompetanse
- God relasjonskompetanse
- Fagleg engasjement
- Fleksibilitet
- Gode samarbeidsevner
Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!
Kvifor søkje hos oss?
- Høve til kompetanseutvikling
- Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde:
Høyanger kommune har store mogelegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Kvifor Høyanger?
- Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på det grøne skifte og sirkulærøkonomi
- Eit rikt kultur-, lag- og organisasjonsliv
- Fokus på samskaping og samarbeid
- Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, symjehall m.m.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på norsksenteret eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Ingun Berg på telefon 45391729.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Politiattest må leggast fram for dei som blir tilsette.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c7789ae9-8d35-4901-bbd8-ce207f4f5ffc
- Sist endret
15. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3617593_140387_nn