IKT-konsulent
Bjørgvin fengsel
Olav Bjordalsvei 63, 5111 Breistein
Om jobben
- Stillingstittel
- IKT-konsulent med ansvar for drift, brukerstøtte og tekniske løsninger.
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. februar
Om stillinga
Bjørgvin fengsel ligg i Åsane, og har 90 soningsplassar med lågare sikkerheitsnivå og ei ungdomseining. Fengselet har ei brei fagleg tilnærming i arbeidet med å gjere straffa til ei verksamt reiskap i tilbakeføringa til samfunnet. Fengselet har omfattande samhandling med andre offentlege etatar, forskningsmiljø og private aktørar i arbeidet med å fylgja kriminalomsorga sine strategiar.
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som IT-konsulent
Me søkjer ein IKT-konsulent i 100% fast stilling som skal ha eit breitt og variert ansvarsområde knytt til IKT-drift og teknisk støtte ved Bjørgvin fengsel. Fengselet består av både eldre bygningsmasse og nyare rehabiliterte bygg, noko som stiller krav til fleksibilitet, praktisk forståing og evne til å finna gode løysingar i komplekse omgivnader.
Stillinga inneber tett samarbeid med tilsette i ulike funksjonar, og du vil vera ein sentral ressurs for å sikra stabil og sikker IKT-kvardag i ei samfunnskritisk verksemd.
Arbeidsoppgåver
- Brukarstøtte for tilsette.
- Ansvar for økonomi, planlegging og anskaffingar innanfor IKT.
- Bestilling og administrering av brukartilganger mot systema til kriminalomsorga.
- Drift og vedlikehald av IT-utstyr til fengselet, tryggingssystem og andre IT systemer i både eldre og nyare bygg.
- Drift og vedlikehald av tenestemobilane til fengselet, telefoni, innsett-telefoni.
- Bidra til forbetring og vidareutvikling av lokale IKT-løysingar
- Kontaktpunkt mot KDI – IKT sentralt.
- Kontaktpunkt mot eksterne samarbeidspartnar, leverandørar, følgja opp serviceavtaler, lisensar, garantiar, innkjøp og reparasjonar.
- IKT bistand til Lyderhorn overgangsbustad og Region Vest hovedkontor ved behov.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning på bachelornivå.
- Formell utdanning kan erstattast av lang og relevant arbeidserfaring.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- God kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller digitale verktøy
- Førarkort klasse B.
- Relevant erfaring frå fagfeltet
- Erfaring fra kriminalomsorga, særlig fra fengsels/friomsorgskontor
- Bakgrunn som fengselsbetjent eller annan relevant erfaring innan straffegjennomføring
Kjennskap til kriminalomsorgas organisering, regelverk og relevante IKT systemer
----------------------------------------------------------------------------------------
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Stor grad av evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
- Evne til å planlegge og strukturere ein arbeidskvardag med mange oppgaver og prosessar.
- Ansvarsmedviten og evne til å prioritere.
Vi tilbyr
- Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- Dagstilling med flexitidsordning.
- Treningsmoglegheiter, gratis parkering og lademoglegheit av El-bil mot betaling.
- Stillinga er plassert i lønskode 1363 Seniorkonsulent i lønnspenn 530 000 - 740 000
- Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Thomas Eeg Storli tlf. 55251285.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8cd3ebcb-38e2-4df7-afa3-110f4c08c1a3
- Sist endret
5. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10280839
Lignende annonser
Tilkallingsvikar, sommervikar Bjørgvin fengsel
Arbeidsgiver
Bjørgvin fengsel
Sted
Breistein
seniorrådgiver/rådgiver/inspektør
Arbeidsgiver
Kriminalomsorga region vest
Sted
Bergen
Sommervikar Bergen Fengsel
Arbeidsgiver
Bergen fengsel
Sted
Hylkje