Hopp til innhold

Vernepleiar/sjukepleiar 100% fast    med hovudvekt av langvakter

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Manger, 5936 Manger

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar 100% - Hannesvegen bustader
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 4. juni

Om stillinga

Me er på jakt etter vernepleiar eller sjukepleiar som vil bli ein viktig del av arbeidsmiljøet me har i Hannesvegen bustader. Hos oss vil du ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid samt vere sentral i tenesteytinga.

Du trivst med å arbeida strukturert og variert, og du er løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar. Me søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og motiverast av å oppnå resultat gjennom samarbeid med andre. Saman har me som mål å levere gode tenester til tenestebrukerne og skape ein god arbeidsplass!

Dersom du syns dette høyrast spanande ut, og vil vere med i teamet som driv denne tenesta, vil me gjerne høyre frå deg. 

Oppstart er etter avtale. 


Om oss

Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er heimen til 3 tenestebrukere med ulikt funksjonsnivå og hjelpebehov, og er i tillegg base for personalet i eininga.

Målet er å gje tenester av god kvaltiet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for tenestebrukarane, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både tenestebrukarane og kvarandre. 

Hjå oss arbeider det miljøterapeutar, hjelpepleiar/helsefagarbeidarar, vernepleiestudent og assistentar. 


Arbeidsoppgåver

  • Primærkontaktansvar, koordinering og oppfølging av tenestemottakarar
  • Oppfølging av vedtak etter kapittel 9, dokumentasjon og evaluering
  • Medisinsk-fagleg ansvar, observasjon og legemiddelhandtering
  • Samarbeid med lege, spesialisthelseteneste og pårørande
  • Praktisk bistand og målretta miljøarbeid som skapar tryggleik og struktur
  • Utarbeiding, implementering og evaluering av tiltaksplanar
  • Fagutvikling, systemarbeid og rettleiing av kollegaer

Dette er ein rolle der du får bruke heile verktøykassa di - og der du blir ein viktig del av eit større lag!


Krav til stillinga

  • Autorisert vernepleiar vil bli prioritert. Autoriserte sjukepleiar kan også søkje.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, tilsvarande minimum nivå B2.
  • Førarkort kl.B
  • Grunnleggjande IKT-ferdigheiter.
  • Politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.

Ønskeleg kompetanse

Det er eit føremon om du har:

  • Erfaring med Kap. 9
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid

Kven er du?

  • Du har engasjement for faget og brukargruppa
  • Du er ein tydeleg og trygg omsorgsperson, som er aktiv og kreativ når det gjeldt å motivere, men roleg og tålmodig når situasjonen krev det
  • Du er interessert i å «gjere ein forskjell» når du er på jobb, og du er opptatt av refleksjon kring tenesteytinga og lojalitet knytt til felles retningsliner
  • Du har gode samarbeidsevner, men kan også arbeide sjølvstendig og gjere prioriteringar.
  • Du er ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø

Dei personleg eigenskapar ovanfor vil bli lagt stor vekt på.


Me tilbyr

  • Ein dynamisk og spanande arbeidskvardag med eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø der me tar deg godt imot!
  • 50 000 i rekrutteringstilskot mot signert bindingsavtale i 2 år for eksterne søkjarar
  • Løn i samsvar med dokumentert ansiennitet: 522 600 - 614 400
  • 9000 over tariff for vernepleiarar og 10 000 over tariff for sjukepleiarar
  • Gratis parkering
  • Årsturnus med hovudvekt av langvakter og arbeid 4.kvar helg
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktperson for stillingen

Maria Urhaug

Avdelingsleiar

+4748242029

maria.urhaug@alver.kommune.no

Om bedriften

Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,

 og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8ca29d6c-c849-40ad-b3f9-b9a664ef8bd1

Sist endret

21. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10297075

Lignende annonser

Laster lignende annonser