Koordinator for summer internship-programmet ILAG 2026
Kommunalområde samfunn, Sykkylven kommune
Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven
Om jobben
- Stillingstittel
- Koordinator for summer internship-programmet ILAG 2026
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest torsdag 19. mars
Vi søker deg som vil bidra til å skape tidenes sommar for andre!
Du vil ha ei sentral rolle i å organisere og koordinere sosiale aktivitetar for unge mellom 18-25 år som er i sommarjobb i Sykkylven. Du vil vere ansvarleg for å planlegge og gjennomføre varierte og spennande aktivitetar som fremmar fellesskap, samarbeid og moro blant deltakarane. Du skal vere med på å formidle korleis ein Sykkylvssommar kan sjå ut i frå eit ungt perspektiv.
Vi ser etter deg som er sjølvstendig, likar å samle folk, tør å tenke utanfor boksen. Vi treng deg som vil vere med å vise at Sykkylven er eit sommarmekka!
Du får ein kreativ sommarjobb med stor friheit over eigen arbeidsdag og gode moglegheiter til å sette ditt preg på prosjektet.
Arbeidsperiode vil vere 1.juni-15. august, eller etter avtale.
ILAG vart testa for første gong sommaren 2025 og det vart ein stor suksess, vi gler oss difor til å få gjennomføre programmet også i 2026.
Sjå kva vi gjorde på instragramprofilen ilag.sykkylven - https://www.instagram.com/ilag.sykkylven/
Arbeidsoppgåver
- Organisere og koordinere sosiale aktivitetar for unge mellom 18-25 år
- Vere ansvarleg for å planlegge og gjennomføre varierte og spennande aktivitetar som fremmar fellesskap, samarbeid og moro blant deltakarane
Kvalifikasjonar
- Førarkort klasse B
- Høg kompetanse innan sosiale medier, særleg Instagram, Snapchat og TikTok
- Snakke og skrive norsk og engelsk godt
Personlege eigenskapar
- Likar å vere sosial og kople folk ilag
- Proaktiv og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidstid. Det vil variere og vere avhengig av aktivitetar som blir satt opp.
- Lønn etter avtale
Dette er eit pilotprosjekt i regi av omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune, og det er med atterhald om endringar i omfang og innhald vi lyser ut denne stillinga.
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Lise Haukeberg, Programleiar omstillingsprogrammet, lise.haukeberg@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Kyrkjevegen 626230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5091139931
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 19.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8c99c5d5-9e5a-41d4-b5aa-a7799101f3b9
- Sist endret
5. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1acf64a8f5694e589e8e2f44adf42804
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sula kommune
Sted
Langevåg
Arbeidsgiver
Buteneste nordre, Ålesund kommune
Sted
Skodje
Ferievikarar 2026
Arbeidsgiver
Kommunalområde helse, Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven