Hopp til innhold

Barnehagelærar i Golvsengane

Arbeidsgiver

Golvsengane barnehage, Stad kommune

Sted

Golvsengane 1, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar i Golvsengane
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

Til deg som er barnehagelærar. Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe hos oss. Stillinga er fast, 100 prosent og gjeldande frå 1. januar 2027 eller etter avtale. 

Vi ser etter deg som er fagleg ansvarleg for det pedagogiske arbeidet i vår barnehage i samspel med dine medarbeidarar. Du må kunne gje barna omsorg og tryggheit. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide, leie og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje.

Hos oss får du eit støttande og godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og storbarnsavdelingar. Barnehagen ligg sentralt til på Nordfjordeid med kort avstand til skog, fjord, fjell, operahuset med biblioteket og Sagastad/Sagaparken. Vår visjon er "Små og store hand i hand". Barna sitt beste står i sentrum for vårt arbeid, men for å få det til treng vi deg. 

Vi ser etter medarbeidarar som ynskjer å jobbe i eit godt kollegium der barna sin omsorg, leik og læring står i sentrum for jobben. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen 
  • Planlegge, gjennomføre og organisere foreldresamtalar og møte med foreldra
  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Legg til rette for leik som gir læring og utvikling for alle barna
  • Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
  • Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Samarbeide med øvrige tilsette

Kvalifikasjonar

  • Godkjent barnehagelærarutdanning  
  • Teiknspråk-kompetanse er sterkt ønskeleg
  • Tar initiativ til aktivitetar og er ein pådrivar
  • Du kan følgje opp barnegruppa, enkeltbarn og barn med spesielle behov
  • Du kan kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Du har nokre av desse eigenskapane:

  • Du tek initiativ, har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
  • Du er genuint opptatt av og bevisst på at kvart barn er unikt, kompetent og sårbart
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
  • Du kan kommunisere godt med barn, foreldre og kollegaer
  • Du har arbeidsglede og ei positiv haldning
  • Du har god arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande, påliteleg og trivst med eit varierande arbeidstempo

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Godt og nært fagleg samarbeid med flinke kollegaer
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden.
Vi ynskjer at du skriv opp referansar viss du har. 

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Har du spørsmål om barnehagen eller stillinga, så må du gjerne kontakte styrar Øyvind Dypveit, tlf. 90 66 19 03.

Kontaktinformasjon

Øyvind Dypveit, Styrar Golvsengane barnehage, 4142 62 06, oyvind.dypveit@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Golvsengane 1
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5197888218
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Øyvind Dypveit

Styrar Golvsengane barnehage

4142 62 06

oyvind.dypveit@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8c19a92a-c6a1-4c3d-b171-ca4829fa0985

Sist endret

30. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

66b53c4c58744056ab5aba13ed4192b0

Lignende annonser

Laster lignende annonser