Hopp til innhold

Barne- og ungdomsarbeidarar i Golvsengane

Arbeidsgiver

Golvsengane barnehage, Stad kommune

Sted

Golvsengane 1, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar i Golvsengane barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

Heisann, så fint du les annonsen vår 😊 Vi ser etter deg som likar å arbeid med barn og vere ein positiv del av livet deira. Å jobbe her kan til tider vere noko hektisk, men også innhaldsrikt og veldig givande.  

Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe som barne- og ungdomsarbeidar. Vi har to faste stillingar, begge er 100 prosent og gjeldande frå 1. januar 2027 eller etter avtale. Har du ikkje fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, kan du gjerne søkje og forplikte deg til å ta det innan rimeleg tid.

Vi ser etter deg som vil vere fagleg medansvarleg for det pedagogiske arbeidet i barnehagen vår. Du må kunne gje barna omsorg og tryggleik. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje.

Hos oss får du eit godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og storbarnsavdelingar. Barnehagen ligg sentralt til på Nordfjordeid med kort avstand til skog, fjord, fjell, biblioteket og Sagastad/Sagaparken. Vår visjon er "Små og store hand i hand". 

Vi ser etter medarbeidarar som ynskjer å jobbe i eit godt kollegium der barna sin omsorg, leik og læring står i sentrum. Håpar du søkjer!


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for alle barna
  • Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
  • Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Samarbeide med øvrige tilsette

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Ufaglærte med motivasjon til å ta fagbrev innan rimeleg tid kan bli vurderte
  • Teiknspråk-kompetanse er ønskeleg
  • Tar initiativ til aktivitetar og er ein pådrivar
  • Ser postitivt på å følgje opp barnegruppa, enkeltbarn og barn med spesielle behov
  • Erfaringar frå tidlegare arbeid eller interesser som kan vere positive for å jobbe i barnehage

Personlege eigenskapar

Du har nokre av desse eigenskapane:

  • Du har arbeidsglede og ei positiv haldning og trivast saman med barna
  • Du har evne til å sjå det enkelte barnet og barnet i ei gruppe
  • Du er initiativrik og kan jobbe både sjølvstendig og i felleskap med dine kollegaer
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell for barna
  • Du kan kommunisere godt med barn, foreldre og dine kollegaer
  • Du har god arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande, stå på-vilje, er påliteleg og trivst med eit varierande arbeidstempo

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Godt og nært fagleg samarbeid med dyktige kollegaer
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden.
Vi ynskjer at du skriv opp referansar viss du har. 

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Har du spørsmål om barnehagen eller stillinga, så må du gjerne kontakte styrar Øyvind Dypveit, tlf. 90 66 19 03.

Kontaktinformasjon

Øyvind Dypveit, Styrar Golvsengane barnehage, 4142 62 06, oyvind.dypveit@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Golvsengane 1
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5197897820
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Øyvind Dypveit

Styrar Golvsengane barnehage

4142 62 06

oyvind.dypveit@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a51d484f-7a16-4557-ab62-8bd2c108fd6d

Sist endret

30. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e18ea669302e4b67a8f7123e3f8ec35d

Lignende annonser

Laster lignende annonser