Intensivsjukepleiar/sjukepleiar
Kirurgisk klinikk/ Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi Nasjonalt brannskadesenter, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Intensivsjukepleiar/ sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Brannskadeavdelinga ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus, har ledig faste stillingar og vikariat som intensivsjukepleiar. Turnus med arbeid pt. kvar 3. helg. Stillingane er ledig frå snarast eller nærare avtale. Vikariat er for 1 år med mogleg forlenging og fast stilling.
Avdelinga har ansvaret for den nasjonale behandlingstenesta for avansert brannskadebehandling og behandlar kvart år 150-200 pasientar frå heile landet med alvorlege brannskadar. Vi behandlar både barn og vaksne. Arbeidet er tverrfagleg og vi har eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Brannskadeavdelinga er ein spennande arbeidsplass med mange sjukepleiefaglege utfordringar
- Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar
- Arbeid knytt til intensivbehandling, sår og sårbehandling, ernæring, mobilisering og planlegging av rehabilitering etter brannskadar
Kvalifikasjonar
- Intensivsjukepleiar må ha norsk autorisasjon og vidareutdanning innan intensivsjukepleie med erfaring annan kirurgi/spesialsjukepleie
- Sjukepleiar må ha norsk autorisasjon og minimum 2 års erfaring frå kirurgisk avdeling
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker oss medarbeidarar som søker faglege utfordringar, og som likar å arbeide i team, også tverrfagleg team
- Søkar må ha evne til å takle raske omstillingar, høgt arbeidstempo og vere løysingsorientert
- Søkar må ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver og ha respekt for kvar enkelt pasient
- Søkar må ha evne til å jobbe sjølvstendig og bidra/fungere i krevjande situasjonar
- Du må kunne trivast i eit aktivt og travelt miljø, vere positiv og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Moglegheit til å opparbeide seg ein unik kompetanse då vi har nasjonal funksjon
- Spennande arbeidsstad
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg og godt arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Kurs for nye tilsette
- Internasjonalt kurs i akutt brannskadebehandling
- Ulempetillegg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Liv Hege Furnes Hilt, Avdelingssjukepleiar, 55973560Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4913424703
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 28.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Liv Hege Furnes Hilt
Avdelingssjukepleiar
55973560
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2846060
- Hentet fra
talentech
- Referanse
032dc7438f714396a43f2be8025c5b8e