ID 2444 Kulturhusvert / Servicemedarbeider – Eining for kultur
Stord kommune
Stord
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- ekstrahjelp, vikar, assistent, servicemedarbeider
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 1%
- Arbeidstid
- Kveld og dagtid, alle dager
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. mai
Kulturhusverten har allsidige arbeidsoppgåver og har m.a. ansvar for opning / låsing og vakthald i Kulturhuset. Har ansvar for teknisk gjennomføring av filmframsyningar, måling av bassengvatn m.m. og er gjester og leigetakarar sin kontaktperson. Arbeid i kiosken må også påreknast.
Behovet er størst kveld og helg.
Kvalifikasjonskrav
-
Vedkommande må vera over 18 år.
-
Verten går inn i arbeidslag med dei andre som jobbar i huset og må vera samarbeidsvillig, serviceinnstilt og ha godt humør.
-
Gode datakunnskapar er ein føremon. Det same er evne til å læra nye ting. Vedkomande må både kunna snakka og forstå norsk godt.
For meir informasjon ta kontakt med:
Herdis Elin Belsvik, avdelingsleiar kulturhus/ kinosjef, tlf. 97552213
Søknadsfrist: 10.05.26 (men kvar søknad vert vurdert fortløpande)
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8bc008ae-33e6-43ea-b683-b987d9875898
- Sist endret
14. april 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
8bc008ae-33e6-43ea-b683-b987d9875898