Kommunikasjonsrådgjevar/ senior kommunikasjonsrådgjevar
Stab for kommunikasjon, Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgjevar/ senior kommunikasjonsrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. mai
Vi som jobbar med kommunikasjon i politiet er tett på politikvardagen taktisk, operasjonelt og strategisk. Vi må vere gode på å sjå heilskapen, trygge, rettleie og byggje tillit. Vi må også vere modige og tenkje nytt for å kunne nå innbyggjarane våre på ein best mogleg måte.
Vil du bli ein del av eit større nettverk?
Vi samarbeider tett med kommunikasjonsnettverket i dei andre politidistrikta, dei andre særorgana i politiet og Politidirektoratet. Du får vere med på å utvikle kommunikasjonsarbeidet både regionalt og nasjonalt.
Har du lyst til å planlegge din eigen arbeidskvardag?
Du får kontorplass på politihuset i Ålesund, med fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida. Kommunikasjonsarbeidet vårt femner om heile politidistriktet, så litt reising mellom fjordar og fjell vert det naturlegvis, men det planlegg du oftast utifrå kva som passar best for deg og din kvardag.
Har du lyst til å samarbeide med mange ulike fagområde?
Du vil få ei viktig rolle knytt til kommunikasjonsarbeidet i politiet i den vesle kommunikasjonsstaben vår. Det er ei bratt læringskurve hos oss. Derfor treng vi deg som tek ansvar. Vi er flinke til å spele kvarandre gode for å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte.
Har du lyst til å løfte oss, slik at vi når ut enda betre til målgruppene våre?
Vi ser etter deg som er kreativ, tek initiativ og er idérik. Er du også god på å finne løysingar og har sansen for historieforteljing gjennom visuell kommunikasjon, anten det er grafisk, foto og/eller video, kan dette vere rette stillinga for deg.
Har du spørsmål om stillinga, vil vi gjerne høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å styrke kommunikasjonskompetansen i politidistriktet, både internt og eksternt, og gi strategiske og faglege råd til kollegaer og leiarar
- Finne dei gode historiene frå politikvardagen og formidle dei gjennom tekst, bilete, grafikk og/eller video i dei kanalane politiet nyttar, både internt og eksternt
- Samarbeide med Nettpatruljen knytt til innhaldsproduksjon og vere med å utvikle kanalane våre
- Utarbeide og sørgje for at organisasjonen tek i bruk ulike kommunikasjonsplanar og strategiar
- Handtere førespurnader frå media raskt og effektivt
- Bruke kommunikasjon aktivt, raskt og strategisk ved kriser og andre hendingar
- Planlegge og gjennomføre medietrening av tilsette i politidistriktet
- Gjennomføre anna profilerings- og omdømearbeid
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov
Kvalifikasjonar
Nødvendig:- Høgare utdanning innan kommunikasjon, journalistikk, samfunnsvitskap eller andre relevante fagområde, på minimum bachelornivå. Har du utdanning frå utlandet må du legge ved dokumentasjon frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse på at utdanninga tilsvarar norsk grad.
- For å verte vurdert som seniorrådgjevar er det krav til utdanning på masternivå innan kommunikasjonsrelevante fag. I tillegg minimum fem års erfaring frå kommunikasjonsfaget/journalistikk. Relevant og etterspurt erfaring kan kompensere for kravet til mastergrad.
- God digital kompetanse og erfaring med innhaldsproduksjon til ulike kanalar
- Erfaring med kommunikasjonsarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk.
- Førarkort klasse B
Ønskjeleg:
- God erfaring med intern-, ekstern- og krisekommunikasjon
- Erfaring frå pressehandtering
- Erfaring med strategisk kommunikasjonsarbeid
- Dokumentere gode ferdigheiter knytt til videoredigering, bildebehandling og/eller grafisk utforming i Adobe Premiere, Photoshop og/eller Indesign
Andre krav:
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
- Vi må kunne klarere deg for inntil HEMMELIG jf. sikkerhetsloven. For å kunne sikkerheitsklarere deg, må kandidatar vere villige til å gi personlege opplysinger om seg sjølv og sine nærmaste. Meir informasjon om dette gir vi løpet av tilsettingsprosessen.
Personlege eigenskapar
- Har evne til strategisk og heilskapleg tenking og kan jobbe saman med andre på tvers av fagområde for å nå politiet sine mål
- Er ein lagspelar og vert motivert av å samhandle med andre
- Er fleksibel og initiativrik
- Er ansvarfull, sjølvstendig og strukturert
- Kan trivast med ein hektisk og variert arbeidskvardag
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag
- Fast stilling i Møre og Romsdal politidistrikt. Stillinga er lønna som rådgjevar, SKO 1434, frå kroner kr. 575 000 til kroner 685 000 eller som seniorrådgjevar SKO 1364, frå kroner 670 000 til kroner 720 000. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit til trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politietaten. Prøvetida er seks månader.
Kontaktinformasjon
Iselin Nevstad Øvrelid, Leiar stab for kommunikasjon, 932 02 485Arbeidsstad
Nedre Strandgate 506005 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4964643950
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 22.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Iselin Nevstad Øvrelid
Leiar stab for kommunikasjon
932 02 485
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2936849
- Hentet fra
talentech
- Referanse
61e643125e7447c3a70dc99e2f1b0db2