Bokn kommune søkjer ein engasjert leiar som vil vera med på å forma framtida for barn og unge i kommunen vår.
Bokn kommune Bokn kommune
Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
Om jobben
Stillingstittel
Kommunalsjef Oppvekst
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Målet er at barn og unge skal høyra til i eit inkluderande fellesskap, oppleva meistring og kunne stå trygt i møte med motgang. Som kommunalsjef får du eit heilskapleg ansvar for barnehage, skule og tenester knytt til barn og familie. Vi ønskjer oss ein leiar som evnar å sjå heilskapen i oppvekstfeltet og som er god til å samarbeida på tvers i ein liten, men engasjert organisasjon.
Som leiar vil du ha tett dialog med både tilsette, leiarar og politisk nivå, og du må trivast med å arbeida både strategisk og praktisk. Vi ser etter deg som har god gjennomføringsevne, og som inspirerer andre gjennom trygg og tillitsskapande leiing.
Arbeidsoppgåver:- Strategisk og operativ leiing og utvikling av tenesteområdet oppvekst
- Pedagogisk leiar i skulen
- Sikra god drift og tenestekvalitet innanfor gitte økonomiske rammer
- Tett samarbeid med leiarar, medarbeidarar, tillitsvalde og politisk nivå
- Bidra til heilskapleg utvikling og samhandling på tvers av fagområde
- Du har leiarerfaring frå offentleg verksemd eller liknande rolle
- Du har brei erfaring med leiing av pedagogisk utviklingsarbeid
- Brei bakgrunn frå undervisning eller anna arbeid i grunnskule
- Du har god kjennskap til eitt eller fleire av fagområda innan oppvekst
- Du har erfaring med budsjett og økonomistyring
- Du har relevant utdanning på bachelor- eller masternivå
- Du er god på samarbeid og kommunikasjon, og trivst med å jobba tett på både folk og fag
- Du har evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert, og likar å få ting gjort
- Ei spanande leiarstilling i ein liten kommune med korte beslutningsvegar
- Moglegheit til å påverka og utvikla tenestene i tett samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med sterk lagånd
- Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i PDF-format saman med søknaden. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (https://hkdir.no), og utanlandske attestar må vera omsette til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Tilsetjingsvilkår:Tilsetjinga skjer på gjeldande vilkår etter lov- og avtaleverk.
Kvar skal du sende søknaden?Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8a9befb2-4e1b-47e1-a1f4-1036e093cf01
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3516155_240709_nn