Hopp til innhold

Malerikonservator

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Haakon Sheteligs plass 10, 5007 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Malerikonservator
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Om stillinga:

Malerikonservator ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for samlingsforvaltning

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver, saman med innsamling, dokumentasjon og vern. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, botanikk, geologi, konservering, kunst- og kulturhistorie, paleobiologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda etter Kulturminnelova med forskrifter, samt ansvaret for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 155 årsverk fordelt på 200 tilsette. Nærare informasjon om Universitetsmuseet finn ein her.

Malerikonservator
Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for samlingsforvaltning, er det ledig ein prosjektstilling som malerikonservator (overingeniør) i seks månader med oppstart 1. juli 2026. Stillinga kan verte forlenga. Avdeling for samlingsforvaltning har 24 tilsette og har ansvar for forvaltning, bevaring, konservering og dokumentasjon av museets samlingar og arkiv til forskings- og formidlingsføremål. Den utlyste stillinga er knytt til arbeid med føreståande rehabilitering av Kulturhistorisk museum og Universitetsprosjektet Sikre Samlingar; eit pågåande prosjekt knytt til sikring og flytting av museets kulturhistoriske samlingar.


Arbeidsoppgåver:

Vi søker etter ein malerikonservator som kan styrke vårt team i forbindelse med sikring, in-situ behandling og flytting av museets unike samling av bemalt kyrkjekunst frå mellomalderen og etterreformatorisk tid. Vi ønsker en person med bred erfaring med konservering av bemalt kyrkjekunst, både på tre og lerret, som kan utføre arbeidsoppgåver av høy fagleg kvalitet og høge etiske standardar. Arbeidet vil til tider vere fysisk krevjande. Den som blir tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, men og som del av eit team og bidra til prosjektets faglege utvikling og gjennomføring.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha:

  • Godkjent 2-årig mastergrad innan malerikonservering
  • Minimum to års erfaring med sikring og konservering av bemalt kyrkjekunst, primært frå mellomalderen
  • God generell IT-kompetanse
  • Erfaring med universitetsmuseas felles databasesystem (UNIMUS) eller tilsvarande databasar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og engelsk

Det er ein føremon å ha:

  • Erfaring med in-situ behandling av kyrkjekunst
  • Erfaring med å arbeide i høgda på stillas
  • Kunnskap og forståing av systematisk HMS-arbeid
  • Førarkort for personbil (klasse B)

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Arbeide sjølvstendig, men og som del av eit team
  • Fleksibel, systematisk, strukturert og nøyaktig
  • Evne til å tenkje og arbeide praktisk, kreativt og breitt
  • Positiv, initiativrik, målretta og løysingsorientert
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø med fysisk krevjande arbeid


Dei som vert tilsett kan ikkje vere allergisk mot støv eller kjemikaliar i ein slik grad at det vil påverke arbeidet.
Det er vesentleg at den som vert tilsett er eigna for stillinga, og personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt.


Vi tilbyr:

  • Deltaking i eit spennande og relevant musealt sikrings- og flytteprosjekt
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Gode og engasjerte kollegaer
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i årslønn kr 614 900 – 650 000. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Camilla C. Nordby, leiar av Avdeling for samlingsforvaltning, E-post: camilla.nordby@uib.no, Mobil: (+47) 976 59 632 eller malerikonservator Marie-Louise Lorentzen, E-post: marie-louise.lorentzen@uib.no, Mobil: (+47) 902 00 098 , Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning, arbeidserfaring og publikasjonar (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

89d6bcc4-20e2-4cd0-bb8d-6ae8496a6991

Sist endret

17. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10291676

Lignende annonser

Laster lignende annonser