Hopp til innhold

Vernepleiar/sjukepleiar

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Sted

Bjørnafjorden

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Idrettsvegen bufellesskap, har ledig 100 % fast stilling, i turnus.

100 % stilling, med for tida arbeidshelg, kvar 4. helg med langvakter.

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til born, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. 

Idrettsvegen bufellesskap, er eit av 9 bufellesskap i eininga, og ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 10 personar (vaksne) med ulike bistandsbehov. 

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god
livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå
sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand
vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. 

Kvalifikasjonar
Autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar. Erfaring frå målretta miljøarbeid med brukargruppa og erfaring med åtferdsarbeid, vil bli vektlagt. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. 

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Vi tilbyr
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønstabell.
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8973d33a-4d06-4314-9f6d-23b7e812bb50

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3592063_196017_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser