Hopp til innhold

Spesialsjukepleiar

Arbeidsgiver

Nyfødt intensiv post Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Spesialsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 19. februar

Vil du vere der for dei aller minste – når livet startar i ei sårbar stund?

På nyfødt intensiv i Haugesund tek vi imot premature og sjuke nyfødde frå veke 28, og spedbarn opp til 6 månader som treng intensiv behandling. Her speler du ei nøkkelrolle i starten på livet til våre mest sårbare pasientar.

Hos oss blir du del av eit kompetent og engasjert team som jobbar tett saman for å gi trygg, avansert og omsorgsfull behandling – i tett samarbeid med foreldre.

Vi legg stor vekt på opplæring, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø, og gir deg støtte gjennom både kollegaer og faste simuleringar.

👉 No har vi ledig fast 100 % stilling i tredelt turnus – og du er hjarteleg velkommen til å søkje.


Kva går jobben ut på?

  • Generell pasientoppfølging.
  • Undervisning for pasientar, foreldre og grupper.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Spesialsjukepleiar med vidareutdanning i nyfødtsjukepleie, pediatri og intensivsjukepleie er ønskeleg. 
  • Erfaring frå liknande avdeling er ein fordel.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • trivst med nattarbeid og er oppteken av å ta godt vare på pasientar
  • er fagleg sterk, strukturert og presis, med god forståing av ansvarsområdet ditt
  • er trygg i akutte situasjonar og i omsorg for alvorleg og akutt sjuke barn
  • har gode samarbeidsevner og villig til å samarbeide på tvers av avdelingane
  • er åpen for nye utfordringar og har god arbeidskapasitet
  • har et ønske om å bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø

Kvifor skal du velje oss?

  • Ein triveleg, variert og spanande arbeidsplass med høgt fagleg nivå.
  • Stabilt og dyktig personale.
  • Godt arbeidsmiljø.
  • Teamarbeid.
  • God opplæring og ukentleg simulering .
  • Faglege utfordringar.

Kontaktinformasjon

Mette Erdal, Funksjonsleiar, 930 21 295

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5075354710
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Mette Erdal

Funksjonsleiar

930 21 295

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

887b2fe2-872a-49f5-bdf2-b9d24223826d

Sist endret

6. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e350226c02324cee8dd80e6969507f67

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Gastroenterologisk og nyremedisinsk post - Haugesund sjukehus

Sted

Haugesund