Leiar økonomi og styring
Avdeling organisasjon og økonomi, økonomiseksjonen
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Leiar økonomi og styring
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. november
Vil du bli med på å forme framtida til Vestland fylke?
Vestland fylkeskommune er på utkikk etter ein dyktig leiar for vår sentrale økonomiseksjon. Er du ein engasjert leiar med solid erfaring frå økonomifeltet? Då kan du bli med på å forme framtida til Vestland fylke!
Stillinga som seksjonsleiar inngår i leiargruppa til organisasjons- og økonomidirektøren. Som leiar for økonomiseksjonen vil du ha ansvar for 27 tilsette, med 7 direkte rapporterande. Du vil ha ei sentral rolle i budsjettprosessen, rapportering og økonomisk styring. Oppgåvene inkluderer handtering av driftsinntekter på rundt 18 milliardar kroner og eit investeringsbudsjett på om lag 4,7 milliardar kroner.
Arbeidsoppgåver
Dine oppgåver inkluderer koordinering av den sentrale budsjettprosessen, overordna ansvar for månadleg lønnsutbetaling, rekneskapsarbeid og rapportering, som omfattar kvartalsrapportar til fylkesdirektøren samt tertial- og finansrapportar til fylkestinget.
Leiaren har også ansvar for årsrekneskap, likviditetsstyring, finansiering av investeringar og forvaltning av konsesjonskraftporteføljen. I tillegg skal leiaren sørge for god personalutvikling for medarbeidarane i seksjonen, samt strategisk rådgjeving til fylkesdirektøren og andre leiarar om økonomisk politikk og utvikling.
Kvalifikasjonar
- Høgare økonomisk utdanning, gjerne siviløkonom eller MBA
- Solid leiarerfaring og innsikt i offentleg økonomi
- Erfaring med rekneskapsføring og budsjettprosessar, gjerne også fagleg kjennskap til lønnsområdet
Personlege eigenskapar
- Særs gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
- Sterk interesse for digitalisering og innovative teknologiske løysingar
Vi tilbyr
- Ein trygg og interessant arbeidsplass i moderne lokaler sentralt i Bergen
- Ei sentral rolle i utviklinga av fylket, med moglegheit for fagleg vekst
- Konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Ragnhild Rabbe Sandven, Rådgivar - Mercuri Urval, 94121369Gro Reinertsen, Partnar - Mercuri Urval, 97559058
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5036565385
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Gro Reinertsen
Partnar - Mercuri Urval
97559058
Ragnhild Rabbe Sandven
Rådgivar - Mercuri Urval
94121369
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
881ab5e4-3e2f-4083-aed1-54f5f89086e5
- Sist endret
1. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
586ba963e4d04f819de6241968f5dd0a
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Etat skole, Bergen kommune
Sted
Loddefjord
Arbeidsgiver
Region Vest - senter for foreldre og barn, Bufetat
Sted
Bergen, Førde, Stavanger
Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Sted
Lonevåg