Hopp til innhold

Rettleiar økonomisk rådgjeving - 100 % fast

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune NAV

Sted

Holtbrekka 7, 5200 Os

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Nav Bjørnafjorden er regionkontor i region Midthordaland. Vi skal levere eit heilskapeleg og effektivt tenestetilbod med utgangspunkt i behovet til innbyggarane, og i samsvar med måla til kontoret og føringane og rammene som lovverket gir. 

Vi har no ledig 100 % fast stilling som rettleiar økonomisk rådgjeving frå januar 2026. Vi ser etter deg som trivst med å finne gode løysingar i samspel med menneske i krevjande situasjonar. Er du ein person med pågangsmot og engasjement, som ønsker å bidra til å gjere ein forskjell? Trivst du i ein hektisk kvardag med varierte oppgåver? Då kan du vere den vi ser etter!

Arbeidsstad
Bjørnafjorden NAV. Avd. avklaring, velferd og forvaltning. 

Arbeidsoppgåver
  • Oppfølging av eigen portefølje
  • Rettleie og motivere for at bruker skal bli økonomisk sjølvhjelpen og kome i arbeid og aktivitet
  • Kartlegge den enkelte sine ressursar og moglegheiter
  • Vurdere bruk av aktuelle tiltak og verkemiddel.
  • Samhandling internt og med aktuelle samarbeidsinstansar
  • Sakshandsaming etter aktuelt lovverk
  • Bidra til fagutvikling i eiga avdeling og i kontoret
  • Andre felles oppgåver på kontoret
  • Kartlegge økonomisk situasjon og rettleie bruker i privatøkonomi
  • Bidra til å finne løysningar på økonomiske utfordringar i samband med budsjett, utleggstrekk, tvangssalg, utenrettslige nedbetalingsordninger med kreditorer, og gjeldsordning
Kvalifikasjonar
  • Utdanning på minimum bachelornivå som er relevant for arbeidsoppgåvene i eit NAV-kontor
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg.
  • Erfaring frå arbeid i Nav eller liknande arbeid
  • Ønskeleg med erfaring i saksbehandling av offentlege tenester og ytingar
  • Ønskeleg med førarkort klasse B
  • Ønskeleg med kjennskap til LEAN som metode.
Vi legg vekt på at du:
  • Ser moglegheitar og løysingar
  • Møter mennesker med respekt og likeverd, samstundes som du har evne til å avklare forventingar og sette grenser
  • Har god evne til å få kontakt med, og motivere menneske i ein vanskeleg livssituasjon
  • Kan arbeide sjølvstendig og evner å prioritere i ein travel kvardag
  • Deltar aktivt for å skape engasjement og arbeidsglede, og er ein lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • Ein triveleg og hektisk arbeidsplass med dyktige medarbeidarar
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid 
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar etter kommunalt avtaleverk
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Syns du at dette verkar interessant, vil vi gjerne ha ein søknad frå deg!

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1bc55446-5ed7-4ec7-b713-fec131996d1f

Sist endret

9. desember 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3567203_195945_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser