Hopp til innhold

Bruforvaltar

Arbeidsgiver

INV - Vedlikehald bru og kai, Vestland fylkeskommune

Sted

Askedalen 2, 5863 Bergen, Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Bruforvaltar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. februar

Har du lyst å jobba med bruer i Vestland og har kunnskap innan fagområdet bru? Då ynskjer vi at du sender ein søknad!

Avdelinga for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har ansvar for om lag 5600 km fylkesveg. Vi arbeider for trygge kvardagsvegar og vi skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Vi er ein stor byggherre innan samferdsle og har mange spennande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem. 

Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport, og fremjar regional utvikling.

Seksjon Vedlikehald bru og kai har ansvar for alle bruer, kaiar og berande konstruksjonar i heile Vestland fylke. Vi har tilsette fordelt på kontor i Bergen, på Leikanger, i Førde og på Voss.

Til seksjon Vedlikehald bru og kai er vi på jakt etter ein bruforvaltar med arbeidsstad Leikanger eller Bergen. Stillinga er fast.

Arbeidsoppgåver

Som bruforvaltar vil du få ansvar for å følge opp alle bruer, kaiar og andre berande konstruksjonar. Du vil jobbe tett saman med prosjektleiarar, byggeleiarar og kontrollingeniørar.

Ansvarsområder vil blant anna vere:

  • Halde oversikt over alle konstruksjonar og deira tilstand.
  • Sørge for at det vert gjennomført hovudinspeksjonar og enkeltinspeksjonar på alle konstruksjonar.
  • Sikre at det vert gjennomført spesialinspeksjonar på konstruksjonar som har behov for spesiell oppfølging.
  • Ha tett dialog med Statens vegvesen i forhold til inspeksjon og bereevnekontroll av konstruksjonar.
  • Bestille oppdrag for spesialinspeksjon og prosjektering av tiltak på konstruksjonar.
  • Ha kontakt med andre faggrupper, offentlege etatar, linjeeigarar, grunneigarar og andre som vert rørte av arbeid som vert utført på og rundt konstruksjonar.
  • Bistå i reguleringsplanar og byggeplanar/detaljplanar.

Kvalifikasjonar

Du har relevant høgare utdanning. Minimum 3 år med relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule og erfaring frå arbeid med bruer.

Det er ynskjelg at du har erfaring frå prosjektering av bruer.

Erfaring innan forvaltning av konstruksjonar vil bli vektlagt.

Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne og førarkort kl. B. Du må også ha god kompetanse i å nytte IKT- verktøy.

Personlege eigenskapar

Du evnar å arbeide sjølvstendig og har god gjennomføringsevne. Du er strukturert og handterer godt ein kompleks og variert arbeidskvardag.

Stillinga inneber mykje kontakt med relevante samarbeidspartar, både internt og eksternt, og det er difor viktig at du er god på og kan trivast i samhandling med andre.

Vi tilbyr

Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø og vil ha varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver, med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling. 

I tillegg får du mellom anna:

  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter avtale
  • tilgang på tenestebil.

Kontaktinformasjon

Jorunn Hillestad Sekse, leiar, 97425209

Arbeidsstad

Askedalen 2
5863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5073982574
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Jorunn Hillestad Sekse

leiar

97425209

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

87f00a9b-67d7-41d8-816c-7e87762801b5

Sist endret

5. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

52157e58760f45549ae3534753d771f1

Lignende annonser

Arbeidsgiver

EIU - System og utvikling, Vestland fylkeskommune

Sted

Bergen

Bustadforvaltar vikariat

Arbeidsgiver

Voss herad Bygg og eigedom

Sted

Voss