Bustadforvaltar
Voss herad Bygg og eigedom
Uttrågata 9, 5700 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Bustadforvaltar vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 19. februar
Me har ledig 100 % vikariat som bustadforvaltar med oppstart 01.04.26. Vikariatet er knytt til permisjon og er i utgangspunktet tidsavgrensa fram til 31.03.27. Varigheita kan bli justert i samsvar med permisjonsløpet, og eventuelle endringar vil skje i dialog med og etter ønskje frå vikaren. Stillinga er plassert i kommunalavdelinga for tekniske tenester.
Innhald i stillinga:
Bustadforvaltaren i Voss herad har ansvaret for drift vedlikehald av dei kommunale bustadane, og spelar ei viktig rolle i å skapa trygge og gode heimar for dei som treng det mest. Stillinga omfattar ansvar for leigekontraktar og oppfølging av leigetakarar. Bustadforvaltaren spelar ei nøkkelrolle i samarbeidet mellom driftsavdelinga og leigetakarane, og sørgjer for at utfordringar blir løyste raskt og effektivt.
For å halde oversikt og sikre god oppfølging av vedlikehald, avvik og brannførebyggjande arbeid, brukar Voss herad FDV-systemet FAMAC. Systemet er eit sentralt verktøy for å følgje opp avvik, planlegge vedlikehald og sikre god bustadkvalitet.
Dette er ei stilling der du møter eit stort mangfald av menneske og du blir ein viktig del av bustadteamet og samarbeider tett med andre kommunale tenester for å skape trygge og stabile heimar for sårbare grupper. Med eit variert spekter av oppgåver, på kontoret og ute i felt kan ein garantere at ingen arbeidsdag er lik.
Kvalifikasjonar- Utdanning innan eigedomsforvaltning, byggfag, økonomi, offentleg forvaltning eller andre fagområde som er relevante for drift og utleige av kommunale bustader. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring eller kjennskap til offentleg forvaltning og tilhøyrande regelverk.
- Gode ferdigheiter i både skriftleg og munnleg norsk.
- God digital kompetanse, gjerne motivasjon for å ta i bruk nye digitale løysingar/verktøy
- Førarkort klasse B
Me ynskjer at du er:
- Ein lagspelar med evne til å skapa tillit og fremje positive samarbeid, både internt og eksternt.
- Motiverande og engasjert, og triggast av samarbeid, kommunikasjon og utvikling av gode relasjonar.
- Systematisk og strukturert, med fokus på kvalitet i arbeidsprosessar og gjennomføring av oppgåver.
- Me er opptekne av å bygga gode lag. Personlege eigenskapar er viktig for oss og vert tillagt vekt.
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø der me oppmuntrar til samarbeid og gjensidig vekst.
- Eit arbeidsfellesskap som er engasjert i innovasjon, utvikling og implementering av nye løysingar for å møte framtidas utfordringar.
- God tilrettelegging for fagleg utvikling og nødvendig opplæring i stillinga.
- Fleksibilitet innanfor rammene av stillinga og tenesta.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med deltaking i spennande prosjekt som utviklar både fagkompetanse og problemløysingsevner.
- Fleksitid som gir god balanse mellom arbeid og fritid.
- Løn etter kommunalt avtaleverk, samt konkurransedyktige forsikrings- og pensjonsordningar.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, der våre tilsette reflekterer breidda i samfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn, etnisk bakgrunn eller kulturell erfaring.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentligheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7c652b68-53a2-45ce-b16e-35bb191dc96c
- Sist endret
30. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3589849_212357_nn
Lignende annonser
80-100% fast stilling
Arbeidsgiver
Voss herad
Sted
Voss
Arbeidsgiver
Voss herad Udlabu
Sted
Voss
Fast stilling på Vossestrand
Arbeidsgiver
Voss herad Område nord
Sted
Vossestrand