Hopp til innhold

2 stillingar à 100% som vernepleiar ved Tenester for funksjonshemma, Kinsarvik

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Broto

Sted

Kaldhagen 2, 5780 Kinsarvik

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vernepleiar med superkrefter søkes!

2 x 100 % faste stillingar – langvakter kvar 4. helg i Tenesta for funksjonshemma, avd. Kinsarvik


Om oss

Velkomen til Broto bufellesskap – ein plass der me jobbar døgnkontinuerleg for å skape gode, trygge og meiningsfulle kvardagar for vaksne med ulike bistandsbehov. Me tilbyr både avlastning, dagtilbod og eit 2:1-tilbod i eigne tilrettelagde bustader.

Me likar å seie at me er ein arbeidsplass med stor takhøgde, mykje engasjement og rom for både latter og faglege diskusjonar. Hos oss får du jobbe tett i team, bidra med faget ditt og vere ein viktig del av kvardagen til menneske som treng støtta vår.


Kva jobben går ut på

Som vernepleiar hos oss får du ein jobb som både rører, utfordrar og utviklar deg. Du vil blant anna:

  • Støtte brukarar i å meistre kvardagen – store og små ting
  • Jobbe målretta med miljøarbeid og struktur
  • Handtere legemiddel (ikkje medan du dansar, men elles er me fleksible!)
  • Gi rettleiing og samarbeid med pårørande
  • Utarbeide og følge opp rutinar
  • Bidra aktivt til eit fagmiljø i utvikling
  • Jobbe døgn- og langvakter, med arbeid kvar 4. helg


Kvar vakt er ulik – nokre dagar får du mange smil, andre dagar får du testa både tolmod, kreativitet og muskelkraft. Men du står aldri aleine – me jobbar i lag.


Kven er du?

Me ser for oss at du:

  • er vernepleiar (andre relevante utdanningar kan òg vurderast)
  • har erfaring frå miljøarbeid og trivst med fysisk aktivitet
  • er trygg på digitale verktøy
  • kommuniserer godt – både i tale og skrift
  • gjerne har førarkort B
  • kan struktur (me elskar struktur) og følgje rutinar
  • handterer både rolege og hektiske dagar på ein god måte


Og kanskje viktigast:
Du er ein varm, positiv og løysingsorientert person som set brukarane i sentrum – og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Humor er ein bonus!


Personlege eigenskapar
  • Du er personleg eigna og glad i rutinar
  • Du har forståing for miljøarbeid og brukarens behov
  • Du er fleksibel, trygg og løysingsorientert
  • Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Du likar å vere i fysisk aktivitet

Me tilbyr
  • Kr 25 000 i tillegg til tariffløn for vernepleiar/sjukepleiar i turnus
  • Ytterlegare rekrutteringstilskot for vernepleiarar (under arbeid i kommunen)
  • Hjelp til å skaffe tak over hovudet dersom du kjem flyttande og treng bustad
  • Trygge kollegaer med stort engasjement og godt humør
  • Fagleg oppfølging, rettleiing og utviklingsmoglegheiter
  • IA-bedrift med gode permisjons- og pensjonsvilkår
  • Ein jobb som både utfordrar og gjer deg stolt
  • Politiattest må leveres før tilsetting.

  

Oppstart

Tiltreding: Etter avtale


Kontaktpersonar for stillinga: Harald Molven, Verksemdsleiar, Tenesta for funksjonshemma Ullensvang kommune

Telefon: 97436662, E.post: harald.molven@ullensvang.kommune.no

 Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

879361cd-c410-4f5a-ade8-d8528cad9c5d

Sist endret

12. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3573471_250473_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser