Hopp til innhold

Vil du bli vår nye maskinsjef?

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

Fv670 810, 6640 Kvanne

Om jobben

Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Kvanne-Rykkjem, p.t. MF Stangvikfjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. april

Vil du vere med å styre ei av Noregs mest tradisjonsrike ferjestrekningar?

Fjord1 søkjer no etter maskinsjef til M/F Stangvikfjord på sambandet Kvanne - Rykkjem. Dette er eit av dei eldste og mest intensive ferjesambanda i landet, med 68 daglege avgangar. Som maskinsjef får du ansvaret for å halde det tekniske utstyret i topp stand og bidra til ei trygg og effektiv drift!

Kvifor velje Fjord1 og Kvanne - Rykkjem?
  •  Attraktiv skiftordning: Døgnvakt med 2 veker på, 2 veker av. Perfekt for deg som vil ha god balanse mellom jobb og fritid. For dei som bur i nærleiken er det mogleg å dagpendle.
  •  Moderne og velutstyrt ferje: M/F Stangvikfjord (2020) er ein el-hybridferje med toppmoderne utstyr og eit gjennomtenkt maskinrom som legg til rette for effektiv drift og vedlikehald.
  •  Utvikling av ferdigheiter: Den intensive drifta gir verdifull erfaring innan teknisk drift, vedlikehaldsystem og energileiing.
  •  Tilrettelegging for pendlere: Fri bustad på arbeidsstaden for deg som treng overnatting i arbeidsperiodane. Fjord1 dekker første og siste tur i arbeidsperioden (over 30 km).
  •  Gode fasilitetar om bord: Eit godt mattilbod gjennom samarbeid med Matvarehuset, og eksternt firma som tek seg av dagleg reinhald.
  •  Sterkt arbeidsmiljø: Gode kollegaer, god stemning mellom skifta og solide støttefunksjonar frå landorganisasjonen gjer at du alltid har eit team i ryggen.


Kven ser vi etter?

  • Vi ser etter ein fagleg sterk og ansvarsbevisst maskinsjef med gode leiareigenskapar. Du må ha evne til å jobbe strukturert, samarbeide tett med andre og sikre stabil drift av fartøyet.
  • Arbeidsoppgåver

    • Teknisk leiar med ansvar for skipet sitt tekniske utstyr og at det oppfyller krav frå klasse og styresmakter
    • Vedlikehald av maskineri og komponentar i samsvar med AMOS vedlikehaldssystem
    • Sikre at tryggleiksstyringssystemet vert følgd, i samarbeid med skipsførar
    • Opplæring av personell under si leiing
    • Oppdatering av jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
    • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
    • Overvaking av forbruk og behaldning av brennolje, smøreolje og ferskvatn
    • Føring av maskindagbok, oljedagbok og andre nødvendige dokument
    • Budsjettering, oppfølging og bestilling av reservedelar og utstyr
    • Sørgje for oppdatert stoffkartotek
    • Ansvar for reinhald og brannførebygging innan maskinområdet

    Kvalifikasjonar:

    • Minimum M3-sertifikat
    • Sikkerheitskurs i samsvar med kvalifikasjonsføreskrifta
    • Krise- og passasjerhandtering
    • Gyldig helseattest
    • MES-opplæring
    • Gyldig helseerklæring

    Personlege eigenskapar

    Vi leter etter en dyktig og erfaren maskinsjef som kan sikre driftssikkerhet, vedlikehold og effektivitet om bord. Personen må ha gode lederegenskaper, teknisk innsikt og evne til å arbeide i et teammiljø.

    Vi tilbyr

    • Konkurransedyktig lønn etter avtale med NHO Sjøfart og Maskinistforbundet.
    • Attraktive velferdsordningar inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
    • Ein arbeidsplass med fokus på trivsel – god mat, reinhald utført av eksternt firma og ein sosial arbeidskvardag.
    • Utviklingsmoglegheiter – arbeid i eit av landets leiande fergeselskap med moglegheit for vidare karriereutvikling.
    • Fleksibilitet – god balanse mellom arbeid og fritid med ei skiftordning som gjer det lett å planleggje livet utanfor jobb.
    • Moderne arbeidsverktøy og teknologi – du jobbar på ein av Noregs mest avanserte el-hybridferjer.
    • Stabilitet og tryggleik – bli del av ein solid arbeidsplass med trygge rammer og gode forsikrings- og pensjonsordningar.

     

    Er du klar for nye utfordringar på ein av Noregs mest moderne ferjer?
    Send inn søknaden din i dag! Vi gler oss til å få deg med på teamet!

    Kontaktinformasjon

    Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518

    Arbeidsstad

    Fv670 810
    6640 Kvanne

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5104414586
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 13.04.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Jill Mari Juberg

    Rekrutteringsmedarbeider

    +47 +4794082518

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    87899c2e-920f-4e2f-bb5b-22160bc69e2e

    Sist endret

    27. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    c8e8ce72bbd44c25805cd133273bebb6

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser