Pedagogisk leiar / barnehagelærar i Gol barnehage
Gol kommune Gol barnehage
Gamlevegen 4, 3550 Gol
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
Gol barnehage har ledig fast stilling som pedagogisk leiar / barnehagelærar frå barnehageåret 2026/2027
Gol barnehage er ei felles overordna organisering av dei tre kommunale barnehagane: Breidokk, Vesterhuset og Herad. Frå januar 2027 opnar Gol kommune ein ny barnehage med seks avdelingar. Med auka kapasitet og fleire avdelingar har vi behov for fleire pedagogar.
I Gol barnehage arbeider vi med ei kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjer medarbeidarar som er interesserte i å ta aktiv del i utvikling, omsorg og læring hos kvart barn og av verksemda. Barnehagane samarbeider mykje og deltek i regionalt utviklingsprosjekt om inkluderande praksis.
Pedagogisk leiar er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehagen, og har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet anten aleine eller saman med fleire pedagogar på «sin» avdeling og for heile barnehagen. I tillegg skal pedagogisk leiar samarbeide med, leie og rettleie fagarbeidarar/assistentar på avdelinga aleine eller saman med anna pedagog.
Dine kvalifikasjonar:
* Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande relevant utdanning
* Kunne bruke digitale verktøy i både planleggingsarbeid og som eit pedagogisk verktøy
* Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Vi ønskjer oss av deg:
* Kreativ og leiken, samtidig som du kan vere ein tydeleg vaksenperson.
* Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
* Har evner til å skape gode relasjonar med barn.
* Kan begeistre og motivere barn, kollegaer og foreldre
* Er interessert i barn si utvikling og medverking
* Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner overfor både barn, føresette og tilsette
* Bidreg til eit raust arbeidsklima.
* Profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med kollegaer og foreldre
* Er aktiv deltakande i barnehagen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og vere pådrivar i nye utviklingsprosjekt
* Er fleksibel, positiv innstilt og initiativtakar
Vi kan tilby:
* Profesjonelt og utviklingsorientert læringsfellesskap og eit godt arbeidsmiljø
* Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
* Løn etter utdanning og praksis
* Rettleiingsgruppe for nye pedagogiske leiarar/barnehagelærarar
* Stillingsbeskriving
* Gratis trening
Anna:
* Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane, og menn blir oppfordra til å søkje
* Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personleg eignaheit og evne til samarbeid
* Dei som blir tilsette, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar
* Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attestar
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først)
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden
Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.gol.kommune.no
Søknadsfrist: 21.06.2026
Kontaktperson
Christine B. Ravnanger, Avdelingsleiar Gol barnehage
Tlf.: 934 81 831, Mail: christine.ravnanger@gol.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8726aa55-7e83-4f7c-a673-26b289628c98
- Sist endret
5. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3634733_194601_nn