Er du engasjert i barn, leik og utvikling? Ønsker du å vera ein viktig vaksen i kvardagen til barna? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Ål kommune Sando barnehage
Oppsatovegen 145, 3570 Ål
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. juli
Ål kommune har 5 kommunale barnehagar, med storleik frå 2 til 6 avdelingar. Her jobbar styrarar, barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar tett saman for å skape trygge og gode barnehagemiljø.
No søkjer vi ein engasjert barnehagelærar i 100 % vikariat som pedagogisk leiar p.t. i Sando barnehage, i perioden 01.12.2026–30.11.2027, med moglegheit for forlenging.
Sando barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg ca fem kilometer frå Ål sentrum. Barnehagen legg vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Vi vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – KVAR DAG.
Arbeidsoppgåver:Som pedagogisk leiar hos oss er du ein aktiv del av det pedagogiske arbeidet i kvardagen;
- Deltek i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk arbeid.
- Bidreg til ein trygg, leikande og lærande kvardag for barna.
- Er ein nær og tilgjengeleg vaksen som ser kvart enkelt barn.
- Samarbeider tett med kollegaer, føresette og leiing.
- Er med på å utvikle eit inkluderande og fagleg sterkt miljø i barnehagen.
Hos oss er leiken sentral. Vi trur på den leikande vaksne og verdset fantasien, nysgjerrigheita og undringa til barna.
Kvalifikasjonar:- Utdanning som barnehagelærar, eller anna relevant utdanning med godkjent pedagogisk kompetanse.
- Kjennskap til barnehagelova og rammeplanen.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Personlege eigenskapar:Vi legg stor vekt på kven du er som person. Vi ønskjer deg som:
- Brenn for barnas beste og barnehagefaget.
- Er ein trygg og omsorgsfull vaksen med gode relasjonelle evner.
- Er leiken, kreativ og til stades i møte med barna.
- Samarbeider godt og bidreg positivt i personalgruppa.
- Har humor og rausheit i ein travel kvardag.
Hos oss får du ikkje berre ein jobb; du blir ein del av eit fagleg fellesskap;
- Eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø.
- Fadderordning for ein god start.
- Fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving.
- Ressursar innan språk, tidleg innsats og pedagogisk arbeid.
- Ein kvardag prega av psykologisk tryggleik og arbeidsglede.
- Kollegaer som heiar på kvarandre – og har det kjekt saman.
- Lønn og arbeidsvilkår etter Hovudtariffavtala.
- God pensjonsordning i KLP.
- Moglegheit for kurs og vidareutdanning.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
05a06870-14c7-45bd-8b79-b3babd62f08c
- Sist endret
19. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3639787_223781_nn