Hopp til innhold

ID 2437 Helsefagarbeidar natt i omsorgsteam - Eining for habilitering

Arbeidsgiver

Stord kommune

Sted

Stord

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeider, assistent
Type ansettelse
Fast, deltid 85%
Arbeidstid
Turnus, natt, alle dager

Eining for habilitering treng ein ny kollega med helsefagleg utdanning i eitt av omsorgsteama våre og ser etter deg som likar å arbeide på natt, er motivert, har brukarfokus og er trygg i arbeidet ditt.

Du blir ein del av eit omsorgsteam rundt ei ung dame busett på Stord, der ein gjev personretta tenester gjennom døgnet. Denne stillinga er på natt, der arbeidsoppgåver omfattar medisinsk oppfølging, pleie og omsorg.

Det er ledig 85 % fast stilling for autorisert helsefagarbeidar på natt, frå snarast. Avdelinga har årsturnus, og ledig stilling har arbeid i snitt kvar tredje helg.

Det er mogleg å få større stilling gjennom kveldsvakter eller nattevakter i Eining for habilitering sin ressursstab. Dette inneber vakter i andre avdelingar, og vert fordelt etter behov.

Arbeids- og ansvarsområde:
  • Ansvar for oppfølging av alle behov tenestemottakar har på natt i høve medisinsk oppfølging og omsorgsoppgåver

  • Legemiddelhandtering

  • Dokumentasjon gjennom fagsystem

Kvalifikasjonskrav:
  • Autorisert helsefagarbeidar. Assistentar eller barne- og ungdomsarbeidarar med relevant erfaring kan og bli vurdert til stillinga.

  • Beherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg

  • Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato

    Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Me kan tilby:
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Avdelingsleiar Elisabeth Litlehamar, tlf 924 25 522 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097

Om bedriften

Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

86c1cacf-91f5-40c1-886c-7b78abe0398b

Sist endret

13. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

86c1cacf-91f5-40c1-886c-7b78abe0398b

Lignende annonser

Laster lignende annonser