Er du ein profesjonell vaksen som set læring og trivsel høgt i eit inkluderande felleskap?
Vindafjord kommune Ølen skule
Litlehagen 15, 5580 Ølen
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. juni
Vil du vera med å skape eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevane våre? Me treng lærar i 100% fast stilling ved Ølen skule. Søk jobb hjå oss!
- Ta ansvar for fag og klassar på mellomtrinn og/eller ungdomstrinn
- Mogleg kontaktllæransvar
- Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for klasse og enkeltelevar
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Konkurransedyktig kontaktlærartillegg
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
- Godkjent undervisningskompetanse (kandidatar med annan kompetanse/erfaring kan søke, tilsetting blir då mellombels)
- fagønsker: matematikk, naturfag og kroppsøving
- Er ein fordel om du har erfaring eller kompetanse på individuell tilrettelagt opplæring
- Gode datakunnskaper
- Du må vera god på samarbeid både med barn og vaksne
- Vera ein autoritativ vaksen
- Løysningsorientert og systematisk
- Omsorgsfull, trygg og føreseieleg
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
865aeba7-827c-4e7d-a342-440fce49415e
- Sist endret
5. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3634129_228561_nn