Hopp til innhold

Er du vår nye pastor?

Arbeidsgiver

Volda Frikyrkje, Den Evangeliske Lutherske

Sted

Gamletufta 1, 6104 Volda, Møre og Romsdal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Pastor
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Volda Frikyrkje søker etter pastor i 60-80% stilling

Vi søker etter pastor som er glad i menneske, som evner å bygge relasjonar og som ikkje er redd for å tenke nytt.

Nøkkeloppgåver:
  • Leie utviklinga av kyrkjelyden

  • Forkynne og vere med å forme gudstenestelivet

  • Ha eit spesielt fokus på barn, unge og familiar

  • Utruste leiarar og følgje opp frivillige

Ønska Kvalifikasjonar:
  • Relevant utdanning på universitet- eller høgskulenivå, eller relevant erfaring

  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team

  • Formidle livsnær tru gjennom liv og forkynning

  • Engasjement for unge si tru.

  • Personleg utrustning og gode samarbeidsevner vert vektlagt

Om to søkarar ynskjer å dele på stillinga, er vi opne for det.

Den tilsette vil ha anledning til å kunne påverke både arbeidsoppgåver og satsingsområde. Stillingsinstruksen vil bli utforma i samarbeid med den som vert tilsett.

Pastor er forplikta til å lære og leve i samsvar med Guds ord og den Evangeliske Lutherske bekjennelse. Løn og pensjon etter Frikyrkja sitt avtaleverk.

Søknadsfrist: 31. desember

Om bedriften

Den Evangelisk Lutherske Frikirke (Frikyrkja) vart grunnlagt i 1877 og er eit kyrkjesamfunn med omlag 21 500 medlemmer fordelt på 81 kyrkjelydar over heile landet. Volda Frikyrkje er ein relativt ung kyrkjelyd stifta i 1991 og har omlag 130 medlemar i alle aldrar. Vi bygde ny og flott kyrkjesal i 2011 med plass til godt over 200 personar. Kyrkjelyden er velsigna med mange frivillige som bidreg til eit høgt aktivitetsnivå mellom anna innan barne- og ungdomsarbeid og på gudstenestene. Volda er ei triveleg studiebygd med eit rikt kulturliv, omkransa av flott natur og høge fjell.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

865646d1-2513-4f82-8331-846ebd7865c8

Sist endret

31. desember 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

865646d1-2513-4f82-8331-846ebd7865c8

Lignende annonser