Kateket/Pedagog
Volda kyrkjelege fellesråd
Rådhusgata 6a, 6100 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Kateket/Pedagog
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Du trivst med å leie eit team, byggje relasjonar og skape opplevingar born og ungdom
aldri gløymer. Du ser potensialet i kvart enkelt menneske — og du veit at
fellesskap og tru veks best saman.
Volda kyrkjelege fellesråd søkjer ein engasjert kateket/kyrkjelydspedagog i 100% stilling. Her får du leie eit dedikert undervisningsteam og sette varig preg på den kyrkjelege opplæringa i heile Volda kommune.
KATEKET / PEDAGOG - 100%Om stillinga
Som kateket er du fagleg leiar for undervisningsarbeidet og opplæringsteamet – eit team beståande av kateket og to medarbeidarar i deltidsstillingar på til saman 70%. Du samarbeider tett med staben og frivillige, og får ansvar for å utvikle og fornye plan for Kyrkjeleg undervisning og læring (KUL) for alle sokna i fellesrådsområdet.
Hovudoppgåvene dine vil vere:
- Opplæringsarbeid, inkl. konfirmantarbeid
- Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar og leiarar
- Samarbeid mellom kyrkje, skule og barnehage
- Vidareutvikling og revisjon av plan for KUL for alle sokna
Vi søkjer deg som
- Har høgare utdanning som kvalifiserer som kateket, eller er villig til å ta vidareutdanning ved sida av arbeid
- Har leiarerfaring og trivst med å koordinere eit team
- Elskar å jobbe med born og ungdom, og gjerne leirarbeid
- Skapar gode relasjonar og trivst i samarbeid
- Arbeider sjølvstendig og målretta
- Kommuniserer godt både skriftleg og munnleg
- Er komfortabel med digitale verktøy, sosiale medium og nettsider
Dette tilbyr vi deg
- Ein meiningsfullt arbeidsdag der du ser unge menneske vekse i tru og meistring
- Godt og varmt stabsfellesskap i moderne lokale ved Volda kyrkje
- Fleksibel arbeidskvardag
- Gode ferie- og avspaseringsordningar som er lett å tilpasse skuleferiar
- Gode permisjonsordningar ved vidareutdannning
- Løn etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor og pensjonsordning i KLP
Volda ligg vakkert til i søre Sunnmøre med fjordar, dalar og fjell rett utanfor døra. Her bur om lag 11 000 innbyggjarar, og byen er kjend som ein livleg skulestad med vidaregåande skule og høgskule med 4500 studentar. Gode kommunikasjonar med både buss og fly gjer det enkelt å kome seg rundt.
Praktisk informasjon
Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja, ha førarkort og disponere bil. Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Politiattest må liggje føre før tilsetting. Tilsettinga skjer i samsvar med Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar, gjeldande lovverk og tariffavtale for kyrkjeleg sektor. Det er utarbeidd stillingsomtale for stillinga – ta kontakt om du vil ha ho tilsendt. Vi nyttar intervju som del av vurderinga.
Søknad med CV, vitnemål/attester og referansar sendast elektronisk via www.kirkejobb.no innan 3. mai 2026.
Lurer du på noko?
Ta gjerne kontakt – vi er glade for ein uformell prat!
- Kyrkjeverje Jostein Stråbø, tlf. 916 63 549 / JS478@kyrkja.no
- Kateket Martine Hjertvik Urke, tlf. 908 97 340 / MU894@kirken.no
Kontaktinformasjon
Jostein Stråbø, Kyrkjeverje, +47 91663549Martine Hjertvik Urke, Katetet(kyrkjelydspedagog), 90897340
Arbeidssted
Rådhusgata 6a6100 VOLDA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Volda kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 5105763434
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Jostein Stråbø
Kyrkjeverje
+47 91663549
Martine Hjertvik Urke
Katetet(kyrkjelydspedagog)
90897340
Om bedriften
VOLDA KOMMUNE
Volda kommune ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet var 10960 ved årsskiftet og 8130 eller 74% av desse er medlem av Den norske kyrkja.
Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner, både allmenn- og yrkesretta, og høgskule med til 4500 studentar. Høgskulen og Fylkessjukehuset er store arbeidsplassar i kommunen. Arbeidsplassane er elles knytte til jordbruk, industri, service og handel. Volda har gode kommunikasjonar i alle retningar både med buss og fly.
Kommunen har seks sokn, Volda (5752), Hornindal (992),Dalsfjord (583), Kilsfjord (440), Austefjord (265) og Storfjorden (98), med kvar si kyrkje. Vi har tre sokneprestar, kyrkjeverje, kateket, to trusopplæringsmedarbeidarar (60% + 10%) og to sekretærar (100 % + 60%) med heile kommunen som tenesteområdet. Volda sokn har kantor og kyrkjetenar i heile stillingar og ein ungdomsarbeidar/diakoniarbeidar i 60%. Dei andre sokna har kyrkjetenar- og organiststillingar tilpassa talet på gudstenester og kyrkjelege handlingar.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4c8bfae9-7a41-4f89-a731-87e1417d1b7e
- Sist endret
31. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
007d276286b447568b1e5984228a6c7e