Miljørettleiar, Volda ungdomsskule
Volda kommune, Avdeling skule
Stormyra 2, 6100 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljørettleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. desember
Det er frå 1. januar 2026 - 31. juli 2026 ledig eit vikariat i 80% stilling som miljørettleiar ved Volda ungdomsskule.
Sektor oppvekst sin visjon er:
Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.
Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I skulane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.
Skulane i Volda er ein del av laget rundt barnet og familien. Saman med helsestasjon, barnevern, barnehage, kulturskule og vaksenopplæring er skuledrifta ein del av sektor oppvekst. Saman arbeidar vi målretta for å oppfylle sektoren sin visjon.
Du må kunne identifisere deg med og slutte deg til Volda kommune sine verdiar:
RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE
Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn, unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.
Arbeidsoppgåver
I samarbeid med lærarane og skuleleiinga støtte elevane i deira læringsarbeid. Det vil og vere målretta miljøarbeid knytt mot enkeltelevar/elevgrupper. I tråd med stillingsomtalen som gjeld miljørettleiarane i Voldaskulen er det slik vi ønsker å beskrive arbeidsoppgåvene til miljørettleiarane:
- i samarbeid med rektor/kontaktlærar/lærar ha medansvar for eleven/elevgruppa sitt tilbod. I dette ligg det så langt som råd tid til planlegging av tiltak og aktivitetar for eleven/elevgruppa i tråd med læreplan og individuelle planar
- utføre aktivitetar saman med elev(ar) etter nærare oppsett plan og behov
- delta i omsorgsarbeid kring eleven
- delta i rettleiing og samhandling med dei som har det samla ansvaret for eleven/gruppa si opplæring
- planlegge eige arbeid i samråd med kontaktlærar/spesialpedagog med utgangspunkt i individuell opplæringsplan
- bidra til godt samspel mellom elevar og vaksne
- det kan verte lagt arbeid knytt til SFO inn i stillinga til miljørettleiaren
I vår kommune har vi særskild fokus retta mot elevar som har eit fråvær som uroar. I slike saker vil miljørettleiaren i samarbeid med lærarar og skuleleiing spele ei aktiv og viktig rolle.
Kvalifikasjonar
Som miljørettleiar legg ein til grunn godkjent 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, som t.d barnevernspedagog/sosionom/vernepleiar. Til dette vikariatet oppmodar vi særleg personar med vernepleieutdanning om å søkje.
Søkarar med anna, relevant erfaring kan og verte vurdert til stillinga. Vi legg vekt på personlege eigenskapar, jf punkta nedanfor.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har evne til å bygge gode relasjonar
- har engasjement og hjarte for arbeid med barn og unge
- er ein vaksen som er trygg, omsorgsfull og er tydeleg
- har gode samarbeidsevner med kollegaer og føresette
- er fleksibel, har stor arbeidskapasitet og bidreg til fellesskapet
- er sjølvstendig i arbeidet
Vi tilbyr
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.
Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske statsborgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jfr opplæringslova § 17-11.
Prøvetida er 6 mnd.
Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar som søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønsker at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngi dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønske om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Per Erling Sætre, rektor Volda ungdomsskule, 97530623, per.erling.setre@voldaskulen.noArbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5044387927
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 08.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
86129c27-f9d1-4aa0-b624-2c778a8d8a7f
- Sist endret
24. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8fe936e43174479e93c228b38f1cb0fa
Lignende annonser
100 % Vikariat miljøterapeut, Kleppevegen
Arbeidsgiver
Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Hareid kommune, Bu og habilitering - Reina
Sted
Hareid
Tilkallingsvikar assistent/fagarbeidar/miljørettleiar - Ørstaskulen skuleåret 25/26
Arbeidsgiver
Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
Sted
Ørsta