Miljøterapeut
Hareid kommune, Bu og habilitering - Reina
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Type ansettelse
- Fast, deltid 92%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. desember
Ønskjer du ein meiningsfull og givande jobb tett på menneske som treng ekstra støtte i kvardagen? Vi gjer livet betre for dei som ikkje har den same føresetnaden som andre.
Vi har ledig ei 92 prosent fast stilling som miljøterapeut i vår bu- og habiliteringsteneste. Eininga har ansvar for gje tenester til menneske med utviklingshemming og funksjonsnedsetting. Arbeidsoppgåvene er retta mot vaksne brukarar og born på avlastning.
Arbeidsoppgåver
- site i primærgrupper
- hjelpe til i dei daglege gjeremåla og fritidsaktivitetar
- ansvar for å utarbeide og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak
- utføre arbeidsoppgåver av fagleg og praktisk karakter
- delta i interne og eksterne møter ved behov
Kvalifikasjonar
- treårig høgskuleutdanning innan helsefag, pedagogikk og/eller sosialfag. Andre med relevant erfaring frå liknande arbeid kan og søkje.
- arbeidserfaring med brukarar som høyrer til bu- og habiliteringstenesta
- god digital kompetanse
- ha kjennskap til kapittel 9 i helse-og omsorgstenestelova
- erfaring og kjennskap til BPA-ordning
- godt norsk språk, både skriftleg og munnleg (nivå B2)
Du må levere godkjent politiattest av ny dato før du startar i arbeid.
Personlege eigenskapar
- du kommuniserar og samarbeidar godt
- du er inkluderande, handlekraftig, påliteleg, initativrik og god til å stå løpet ut
- du har lyst til å lukkast med å skape gode relasjonar til brukarane, pårørande og kollegaer
- du er fleksibel og løyningsorientert
Vi tilbyr
- ein triveleg arbeidsplass med godt tverrfagleg arbeidsfellesskap
- spanande og faglege utfordringar
- fagdag i arbeidsplan
- kurs gjennom NHI og Visma-veilederen
- god forsikringsordning i KLP, med frivillig ulykkesforsikring på fritid
- løn etter gjeldande avtalar
Du må søkje på stillinga digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Cesilie Sundgot, Einingsleiar, +47 45449231Arbeidsstad
Teigevegen 556060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5043266681
Stillingsprosent: 92%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Cesilie Sundgot
Einingsleiar
+47 45449231
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Jobbe hjå oss - Hareid kommune
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
88a60a60-00c9-4179-bb63-a148d9732d7a
- Sist endret
18. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4bf016c79fbc46c4a8bbbbaff382ed75
Lignende annonser
Arbeidsgiver
DØGNSEKSJON PHBU MOLDE OG ÅLESUNDHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
100 % Vikariat miljøterapeut, Kleppevegen
Arbeidsgiver
Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste
Sted
Volda