Miljøterapeut
DØGNSEKSJON PHBU MOLDE OG ÅLESUNDHelse Møre og Romsdal HF
Geilebergvegen 18, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Vil du bli vår nye kollega?
Vi søkjer deg som har lyst til å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit sterkt fagmiljø. Hos oss får du spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Er du motivert for å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar? Trivst du i ein kvardag som kan vere både hektisk og variert, der du får jobbe tverrfagleg saman med dyktige kollega – og der god pasientbehandling alltid står i sentrum?
Då er du den vi ser etter. Søk hos oss!
Vi har ledig 50% fast stilling som miljøterapeut f.t. turnus på dag/kveld og arbeid kvar tredje helg i eininga vår i Ålesund. Ved eventuell intern rokering kan anna stillingsprosent verte ledig. Oppstart etter avtale med seksjonsleiar.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.
Eininga i Ålesund har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar. Eininga gir eit tilbod for barn og ungdom i heile Møre og Romsdal fylke. Aldersgruppa er 12-18 år, men det hender at innlegging av yngre barn og unge kan vere nødvendig. Vi tek imot pasientar med ulike psykiske lidingar og kan karakteriserast som ei allmenpsykiatrisk avdeling. Vi er godkjent for tvungen psykisk helsehjelp.
Behandlinga vert individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er grunnpilaren i tilbodet vårt. Vi legg stor vekt på samarbeid med foreldre og/eller andre pårørande, og det er ei forventing at dei er tilstades og deltek under innlegginga.
I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi
- Delta i mini-team og følgje opp avtalt behandlingsopplegg for pasient
- Mottak og utskriving av pasientar
- Samhandling med andre seksjonar
- Medverke til fagutvikling
- Praktiske oppgåver i eininga
Kvalifikasjonar
- For stillinga må ein ha utdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. Sjukepleiar kan søke og verte vurdert.
- Ønskjeleg med relevant erfaring frå miljøterapeutisk arbeid og gjerne innan barne- og ungdomspsykiatrien
- Må meistre norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du trivst med å jobbe i tett samarbeid med både kollega, pasientar og pårørande, samtidig som du kan vere sjølvstendig
- Du har arbeidshelse til å handtere ein tidvis hektisk kvardag.
- Du er oppteken av frivillegheit og brukarmedverknad
- Du er inkluderande og raus med dine kollega, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
Med oss får du jobbe i ei eining der faget står i fokus. Arbeidskvardagane er varierte, både med tanke på belastning og arbeidsoppgåver. Kollegane dine har ulik fagbakgrunn, erfaring og alder. Vi utfyller kvarandre på ein god måte til det beste for pasientane våre.
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, 70106700, Beate.Olsbo.Nilsen@helse-mr.noArbeidssted
Geilebergvegen 186017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5027244359
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2d399651-c611-48ec-9028-9a11d15497fc
- Sist endret
17. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5b07b3c898184219b7affe6e1151b6fd
Lignende annonser
Sykepleier/Vernepleier
Arbeidsgiver
Akutt psykisk helse SunnmøreHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Sykepleiar/vernepleiar
Arbeidsgiver
Psykose sengepost SunnmøreHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Akutt psykisk helse Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund