Helgestillingar
Akutt psykisk helse Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Helgestillingar
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 6
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Vil du vere med å vidareutvikle seksjonen vår ved Akutt psykisk helse Sunnmøre?
Akutt psykisk helse Sunnmøre har ledige faste helgestilllingar frå 14% til 28 % med arbeid kvar tredje helg. For stillingar på 14-22 % er det arbeid dag og kveld medan i 28% er det arbeid på natt. Oppstart snarast/kan avtalast.
Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre inneheld 5 seksjonar: Sikkerhetspsykiatri, Almennpsykiatrisk , Akutt psykisk helse, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderpsykiatri Sunnmøre.
Akutt psykisk helse Sunnmøre har 10 sengeplassar og 4 intensivplasser/skjermingsrom. Seksjonen tek imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. Seksjonen tilbyr óg utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar som treng døgnopphald. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Vi jobbar tverrfagleg i team som består av psykiater, psykolog, LIS 1 og LIS 3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Obligatorisk kursing og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
- Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber (for sjukepleierar og vernepleiarar)
- Delta aktivt i seksjonen si utvikling
- Rettleiing (studentar og samarbeidspartar m.m)
- Medisinansvar for sjukepleiarar og vernepleiarar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Norsk autorisasjon som hjelpepleier/helsefagarbeider
- Helse- og sosialfagleg utdanning
- Studentar innan helse- og sosialfag kan også søke
- Erfaring frå akuttpsykiatri er ein fordel
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er god på samarbeid og kommunikasjon
- Du er god på å skape allianse med pasientane
- Du arbeidar sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre
- Du må vere fysisk og mentalt rusta til å handtere utagerande pasientar
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Andreas Trædal, Seksjonsleiar, andreas.traedal@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5035828893
Stillingsprosent: 28, 22, 14%
Fast
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d206bdae-b370-4197-8442-8cfdec0eb2c6
- Sist endret
13. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bef8131a20e7402ba55a1482f6601c9d
Lignende annonser
Sykepleiar/vernepleiar
Arbeidsgiver
Psykose sengepost SunnmøreHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Sykepleier/Vernepleier
Arbeidsgiver
Akutt psykisk helse SunnmøreHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund