Hopp til innhold

Spesialsjukepleiar, sjukepleiar eller vernepleiar

Arbeidsgiver

DPS Døgn allmenn, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Spesialsjukepleiar, sjukepleiar eller vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 15. september

DPS Døgn allmenn har ledig 100 % fast stilling for spesialsjukepleiar, sjukepleiar eller vernepleiar

Psykiatrisk klinikk består av to DPS-sengepostar og ein poliklinikk med ambulante tenester. Klinikken gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Avdelinga har også sentralsjukehusoppgåver med akutt døgn med ØH-plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Avdelinga Psykiatrisk klinikk har om lag 200 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.

DPS Døgn allmenn har 14 døgnplassar, inkludert ein brukarstyrt plass. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåvene våre er utgreiing, behandling og rehabilitering med vekt på miljøterapi. Vi tek imot pasientar til både frivillig og tvungen psykisk helsevern.

Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.  

Startdato: Etter avtale


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid på sengepost
  • Undervisning/rettleiing
  • Fungere som ansvarsvakt og primærkontakt
  • Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
  • Miljøterapi
  • Pårørandearbeid
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på sengeposten
  • Delta i dei arbeidsoppgåvene som til kvar tid ligg til sengeposten
  • Andre oppgåver etter avtale med leiar
  • Turnusarbeid,. Langvakter kan vere aktuelt dersom ønskjeleg.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Relevant vidareutdanning, til dømes innan psykiatri eller SEPREP, blir vektlagd, men er ikkje eit krav.
  • Relevant erfaring er ønskjeleg
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit meiningsfylt arbeid med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Opplæring
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 

Kontaktinformasjon

Ingun Indrebø, Seksjonsleiar, (+47) 478 90 705

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5171465609
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Ingun Indrebø

Seksjonsleiar

(+47) 478 90 705

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

85acb81d-5158-4782-aad4-72cab517afef

Sist endret

1. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3e79cfd9e9514d68845746ba2330878e

Lignende annonser

Laster lignende annonser