Forskingssjukepleiar
PSK døgn psykose, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Forskingssjukepleiar
- Type ansettelse
- Engasjement, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 25. september
Helse Førde søkjer forskingssykepleiar til det regionale forskingsprosjektet NorPEPS II (The Norwegian Prednisolone in Early Psychosis Study II).
NorPEPS II er eit samarbeid mellom Helse Bergen, Helse Førde og Helse Stavanger. Prosjektet skal undersøkje om prednisolon som tillegg til standard behandling kan bidra til raskare betring ved akutt psykose hos personar med schizofreni.
Studien byggjer på lovande resultat frå ein tidlegare pilotstudie og har potensial til å gi ny kunnskap som kan bidra til å utvikle behandlingstilbodet til pasientar med psykose.
Stillinga er knytt til inkludering og oppfølging av studiedeltakarar ved Helse Førde, i tett samarbeid med forskarar og klinikarar ved dei deltakande helseføretaka.
Stillingsprosent: 50 % prosjektstilling i 36 månader (med atterhald om endeleg finansiering).
Arbeidsstad: Helse Førde
Oppstart: Snarast
Arbeidsoppgåver
- Rekruttering og inkludering av studiedeltakarar
- Koordinering av studieforløp og avtalar
- Gjennomføring av studievisittar og oppfølging av deltakarar
- Innsamling, registrering og kvalitetssikring av forskingsdata
- Prøvetaking og handtering av biologisk materiale
- Oppfølging av studieprotokoll og dokumentasjon i tråd med Good Clinical Practice (GCP)
- Samarbeid med prosjektleiarar, behandlarar og andre forskingsmedarbeidarar
- Bidra til trygg gjennomføring av studien og ivaretaking av deltakarane
Kvalifikasjonar
Må-krav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gode digitale ferdigheiter
Ønskjelege kvalifikasjonar
- Erfaring frå forskings- eller utviklingsarbeid
- Erfaring frå klinisk arbeid innan psykisk helsevern
- Kunnskap om kliniske studiar
- GCP-kurs eller erfaring frå arbeid etter GCP-standard
- Erfaring med prøvetaking og forskingsdokumentasjon
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein medarbeidar som:
- arbeider strukturert og nøyaktig
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- trivst med å arbeide både klinisk og forskingsretta
- har interesse for forsking innan psykisk helse
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i eit forskingsprosjekt med høg fagleg relevans
- Deltaking i eit regionalt og tverrfagleg forskingssamarbeid
- Nært samarbeid med leiande fagmiljø innan psykoseforsking
- Moglegheit til å bidra til utvikling av framtidas behandlingstilbod innan psykisk helsevern
- Fagleg utvikling og opplæring innan klinisk forsking og GCP
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Stephanie Levy, Seksjonsleiar, (+47) 993 78 985Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5179077870
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Søknadsfrist: 25.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Stephanie Levy
Seksjonsleiar
(+47) 993 78 985
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e90cf5bf-1282-4feb-adb8-dee7a65b4169
- Sist endret
11. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3f47e7d9e5bd4d9ab674550b0ebc4420