Psykologspesialist/psykolog
Bufetat
Svanehaugvegen 3, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykologspesialist/psykolog
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. oktober
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved Senter for foreldre og barn, region vest, har vi ledig fast stilling som psykologspesialist i 50% stilling. Stillinga er i første rekke knytt til avdelinga i Førde. Det vil kunne vurderast ei stedleg tilknytting til avdelinga vår i Bergen, der ein vil ha høve til eit fagleg psykologfellesskap. Ved arbeidsstad i Bergen må ein pårekne jamlege reiser til avdelinga i Førde.
Ved Senter for foreldre og barn jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjoner og jobbar med kartlegging, samspelsobservasjonar, rettleiing og behandling. Alltid med barnet sitt perspektiv og behov som kompass.
Senter for foreldre og barn, region vest, har avdelingar plassert i Førde, Bergen og Stavanger. Målgruppa vår er barn frå 0-6 år, der dei yngste i aldersgruppa 0-2 år vert prioritert.
Kjerneoppgåva vår er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2 og 2-3. Senteret kan ved ledig kapasitet tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheitar og å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn.
Senteret jobbar både heimebasert, poliklinisk og døgnbasert. Det er eit tverrfagleg miljø med psykolog, fagkonsulentar og nattevakter. Vi ynskjer eit miljø der vi arbeider saman og vil kvarandre vel. Vi er opptatt av kunnskapsdeling og arbeider aktivt for å utvikle kompetansen vår i eit positivt, støttande og inkluderande miljø.
Arbeidsoppgåver
Dette får du jobbe med hos oss:
- Bistå i utgreiing og hjelpetiltak etter barnevernlova §§ 2-2, 2-3 og 3-1.
- Bistå i utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen; foreldra si fungering, barnet si utvikling og samspel.
- Utøve oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn.
- Kvalitetssikring av utgreiingsarbeid og kartleggingsverktøy.
- Utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid.
- Bistå med fagleg kompetanse til senteret sine tilsette og våre samarbeidspartar.
- Vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling hjå oss.
- Rettleiing av kolleger i eininga.
- Samarbeid på tvers med andre psykologar i eininga.
- Bistå andre senter i eininga ved behov
Kva bakgrunn har du?
Må-krav:- Autorisert psykolog med godkjend spesialistutdanning, primært innan innan klinisk barne- og ungdomspsykologi, familiepsykologi, samfunnspsykologi, men klinisk vaksen vil også være aktuelt. Autorisert psykolog kan vurderast, men det er då ønskjeleg med påbegynt spesialisering innanfor relevant fagområde.
- Erfaring med utgreiing og rettleiing.
- Erfaring med foreldra si psykiske fungering og familiar i risiko.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter og ei trygg rolleutøving.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Gode digitale ferdigheiter og forståing.
- Førarkort personbil.
- Sertifisering/ferdigheiter i relevante metodar i barnevernsfagleg arbeid.
- Psykologfagleg erfaring knytt til utgreiingsarbeid og tiltaksarbeid med sped- og små barn.
- Undervisningserfaring.
- Har ei allsidig og brei erfaring, og samtidig eit særskilt engasjement for dei minste barna.
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter:
- Vi ser etter deg som har lyst til å bringe psykologfaget tydelegare inn i barnevernsarbeidet. Deg som bringer nye perspektiv og idear inn i teamet og kan utfordre etablert praksis.
- Du er lærevillig òg nysgjerrig og villig til å utvikle deg saman med resten av teamet.
- Du har erfaring frå arbeid med dei minste barna og foreldra deira, og du trivst i skjæringspunktet mellom kartlegging, samspel, utviklingspsykologi og rettleiing.
- Du organiserer arbeidsdagen din, som tar ansvar og bidrar til et godt arbeidsmiljø faglig og sosialt.
- Du er typen som både kan vere varm og tydeleg i møte med familiar og samarbeidspartnarar - og som toler at ingen dagar er heilt like.
Kva får du hos oss?
- Stillinga som psykolog/psykologspesialist er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 som psykolog, p.t. kr 690.000 - 750.000 pr. år, stillingskode 0795 spesialpsykolog, p.t. 750.000 - 850.000 eller stillingskode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 850.000 - 930.000.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Høgare løn kan bli vurdert ved særskild kompetanse.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Elles kan vi tilby:
- Ein meiningsfull jobb der du verkeleg ser at arbeidet ditt betyr noko.
- Eit fagmiljø som verdset kompetanse og samarbeid, som både utfordrar og heiar.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing.
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Fleksibel arbeidstid.
- Du kan trene éi time per veke i arbeidstida.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi små barn og familiar eit endå betre tilbod - og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv!
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Senter for foreldre og barn, region vest, avdeling Førde.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
01bfeb9e-6a26-4f81-bd05-af9fb79c0809
- Sist endret
14. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10308986