Energimontør, Sogndal
Sygnir AS
6857 Sogndal
Om jobben
- Stillingstittel
- Energimontør, Sogndal
- Type ansettelse
- Annet, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 12. januar
Energimontør i Sogndal
I Sygnir jobbar du med det som betyr noko, kvar dag!
Våre energimontørar jobbar for å sikre trygg og effektiv drift av samfunnskritisk infrastruktur. Arbeidet er svært variert. Me har stor aktivitet og søkjer energimontør til montørbasen i Sogndal.
Elektrifiseringa av samfunnet gir oss stadig meir å gjera, og me gjer store investeringar i nettet for å møte framtida. No treng me fleire energimontørar. På montørbasen vår i Sogndal blir du del av eit fagmiljø med kort veg til avgjerd og høg grad av involvering. Du får eigarskap til jobben du gjer, innspel som blir tekne på alvor og eit inkluderande lag som løftar kvarandre.
Kvifor Sygnir?
Hos oss får du ein kvardag som kombinerer moderne teknologi, praktisk arbeid i felt og variert terreng som gir deg faglege utfordringar. Me jobbar breitt – med høgspent, lågspent, kabelanlegg, nettstasjonar og kundetenester – og treng folk som vil utvikla seg. Du blir del av eit sterkt fagmiljø som leverer trygg og stabil straum til regionen, og du bidreg direkte i det grøne skiftet.
Dette vil du jobbe med
Som energimontør hos oss jobbar du med bygging, montasje og dokumentasjon av høg- og lågspent anlegg, kabelanlegg, nett- og transformatorstasjonar og linjenett. Du deltek i drift, vedlikehald, inspeksjon og befaring av anlegg, og kan inngå i beredskaps- og vaktordning. Her får du faglege utfordringar som utviklar deg.
- Fagbrev som energimontør
- Førarkort klasse B (BE og C er ein fordel)
- Erfaring frå arbeid i felt
- At du jobbar trygt, strukturert og tek HMS på alvor
- Fleksibel og komfortabel med ulike fagområde (høgspent, lågspent, nettstasjon)
- Fagleg engasjert og nysgjerrig
- Ein lagspelar som inkluderer andre og bidreg til godt miljø
- God til å rettleia og følgja opp lærlingar
Kva me kan tilby
Hos oss får du ein jobb med tydeleg samfunnsverdi – du leverer kritisk infrastruktur og bidreg til eit meir berekraftig Sogn. Me gir deg utviklingsmoglegheiter i eit sterkt fagmiljø, med varierte og utfordrande oppgåver. Me tilbyr konkurransedyktig løn, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og du kan delta i aktivitetar saman med kollegaer i fritida i regi av bedriftsforeininga Kraftlaget.
Bli ein del av noko større
Sygnir er ein del av Sognekraft-konsernet, som sørgjer for stabil straum til over 14 000 kundar i Sogn. Straumnettet vårt går gjennom noko av det mest spektakulære – og bratte – terrenget i landet, og me er leiande på trygg jobbing i slike forhold.
Vil du bruke kompetansen din på ein jobb som verkeleg betyr noko? Då vil me gjerne snakka med deg!
Spørsmål? Ta kontakt med baseleiar Martin Hove tlf. 948 56 606.
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.Kontaktperson for stillingen
Martin Hove
Baseleiar
948 56 606
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
856636e8-1f20-4b1c-90f9-9aaf861494b1
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4551976
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Teknisk drift Lærdal/ISP, Helse Førde
Sted
Lærdal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Veg og grøntanlegg
Sted
Sogndal