Vil du vere med og skape matglede, gode måltidsopplevingar og sunne matvanar for barn?
Suldal kommune Overordna oppvekst
Eidsvegen 7, 4230 Sand
Om jobben
- Stillingstittel
- Kjøkkenassistent i Vinjar barnehage
- Type ansettelse
- Prosjekt, deltid 30%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 29. juli
Kjøkkenassistent – prosjektstilling 30%
Me søkjer ein engasjert og matglad kjøkkenassistent i ei prosjektstilling på 30 % (11 timar per veke), fordelt på 2–3 arbeidsdagar. Stillinga passar for deg som er oppteken av sunn og næringsrik mat, og som ønskjer å vere med på å skape gode måltidsopplevingar for barna i barnehagen.
Om stillingaSom kjøkkenassistent vil du ha ansvar for planlegging og tilrettelegging av måltid i barnehagen. Du vil bidra til å utvikle ein matkultur som fremjar matglede, nysgjerrigheit og gode vanar hos barna. Me ønskjer at måltida skal vere ein arena for læring, fellesskap og gode sanseopplevingar.
Stillinga inneber òg å involvere barna i matlaging og matrelaterte aktivitetar, slik at dei får oppleve meistring, deltaking og glede rundt mat.
Stillingsstorleik: 30 % (11 timar per veke)
Arbeidstid: Fordelt på 2–3 dagar per veke
Oppstart: 18. august 2026
Varigheit: Prosjektstilling som følgjer skuleåret 2026–2027
Arbeidstid i feriar: Stillinga følgjer skuleruta, og det er fri i skuleferiane.
Arbeidsoppgåver• Planleggje og tilbereie sunn og næringsrik mat til barna, i tråd med Helsedirektoratets retningslinjer for mat og måltider i barnehagen.
• Ha ansvar for mathygiene og rutinar knytte til mattryggleik, også matallegiar og andre særskilte behov
• Innkjøp og bestilling av matvarer
• Skape inspirerande måltid som stimulerer alle sansar
• Involvere barn i matlaging, baking og andre mataktivitetar
• Samarbeide tett med dei andre tilsette om måltid og pedagogiske aktivitetar
Kvalifikasjonar• Erfaring med matlaging, kjøkkenarbeid eller ernæring er ønskjeleg
• Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel
• Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
• Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing
Personlege eigenskaparMe ser etter deg som:
• Har interesse for sunn, variert og næringsrik mat
• Er kreativ og glad i å lage mat
• Trivst saman med barn og ønskjer å inkludere dei i mataktivitetar
• Er sjølvstendig, strukturert og ansvarsmedviten
• Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Me tilbyr• Ei meiningsfull og spanande prosjektstilling
• Moglegheit til å påverke barnehagen sin matkultur og måltidspraksis
• Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
• Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende
• Fri i skuleferiane
• Løn etter gjeldande avtaleverk
Søknadsfrist: 15.juli
For nærare informasjon om stillinga, kontakt einingsleiar Ingvild V. Tveiten på tlf.nr. 45610966, e-post ingvild.tveiten@suldal.kommune.no
Bli med og skap matglede for alle barna!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8563b495-dbd1-4391-bbc2-25221f2f153f
- Sist endret
29. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3642017_200259_nn