Hopp til innhold

Finans og økonomi

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Kommunalsjef Finans og økonomi

Sted

Foldnesvegen 2, 5354 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Økonomirådgjevar 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 10. juni

Om avdelinga:

Kommunalsjefområde Finans og økonomi består av einingane Rekneskap og løn, IKT og dokumentsenter, Innkjøp samt stabsfunksjonar. Stillinga som økonomirådgjevar er plassert i stab og rapporterer direkte til kommunalsjef.


Arbeidsoppgåver:

  • Aktiv deltaking i kommunens budsjettprosess og økonomirapporteringar
  • Støtte og økonomisk oppfølging av kommunalsjefområde Samfunnsutvikling
  • Utarbeide relevante økonomiske analyser og delta i utgreiings- og prosjektarbeid
  • Sikra gode avgjerder gjennom godt grunnlag
  • Bidra til vidareutvikling av kommunens økonomistyring og -system
  • Overordna oppgåver knytt til økonomi
  • Eigedomsskatt

Kvalifikasjonar:

Må ha:
  • Mastergrad innan økonomi og administrasjon (siviløkonom).
  • Erfaring med økonomistyring, gjerne frå offentleg sektor
  • Gode excel-kunnskapar og erfaring med bruk av digitale verktøy
  • Du har gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • Administrasjonsspråket er nynorsk og du må meistre dette
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå offentleg sektor
  • Erfaring med Visma Enterprise og Framsikt
Eigenskapar:
  • Du har god økonomiforståing og analytiske evner
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du tar initiativ og liker å arbeida sjølvstendig
  • Du er nysgjerrig og utforskande
  • Du trivast med å jobba i eit aktivt miljø

Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontaktperson:

Kommunalsjef Finans og økonomi Anne Erdal

Telefon: 902 88 087

E-post: anne.erdal@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anne Erdal

+47 90288087 +47 90288087

anne.erdal@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

854fbab7-e2d7-417d-b422-72a65866fcb5

Sist endret

5. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3634497_188777_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser