Seniorrådgjevar forsking og forskarutdanning - Fakultet for helse og sosialvitskap
Høgskulen på Vestlandet
Bjørnsongsgate 45, 5528 Haugesund, Inndalsveien 28, 5063 Bergen, Klingenbergvegen 4, 5414 Stord, Røyrgata 6, 6856 Sogndal, Svanehaugvegen 1, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Seniorrådgjevar forsking og forskingsutdanning i fakultetsadministrasjonen
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. februar
Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap er det ledig 100 % fast stilling som seniorrådgjevar forsking og forskingsutdanning
Vi søkjer ein erfaren og engasjert seniorrådgjevar som vil spele ei nøkkelrolle i å styrke Fakultet for helse- og sosialvitskap si forskingsforvalting og utvikle vår forskingsaktivitet. Forskingsrådgjevaren vil vere knytt til fakultetsadministrasjonen og vil samarbeide nært med prodekan for forsking, administrasjonssjef samt dei to andre forskingsrådgjevarane ved fakultetet. Forskingsforvaltinga er i stor endring i forhold til digitale arbeidsprosessar, og stillinga vil vere med på å forme utviklinga av dette.
Fakultetsadministrasjonen er fordelt på campusane Bergen, Sogndal, Stord, Førde og Haugesund. Hovudarbeidsstad for stillinga vil vere på éin av desse campusane.
Ansvars- og arbeidsområde:
- Halde seg orientert om relevante endringar og prosessar internt og eksternt, og bidra til fakultetet si konkurranseevne innan forsking og nyskaping
- Bidra til at forskingsetiske rammeverk, personvern og datahandtering blir etterleve
- Vere sekretær i relevante fora (Forskningsutvalget m.m.), herunder førebuing av saker, innkallingar og referatskriving
- Førebuing av saker for fakultetsleiinga
- Oppfølging av vedtak
- Formidling av informasjon internt og eksternt
- Bidra i planlegging og gjennomføring av kurs og workshopar for våre forskarar og ph.d- kandidatar
- Utvikling av rutinar og retningslinjer for forsking ved FHS
- Utgreiings- og utviklingsarbeid i samsvar med strategi og handlingsplanar.
- Bidra til utvikling, kvalitetssikring og drift av fakultetet sitt ph.d.-program
- Bidra i oppfølging av ph.d.-utdanninga og fakultetet sine ph.d.-kandidatar
- Delta på andre saksfelt etter behov
Kvalifikasjonar:
Formell utdanning og kompetanse:
- Relevant utdanning på minst masternivå. Ph.d. innan relevant fagkrets kan vere ein fordel
- Dokumentert erfaring med forskingsadministrasjon
- Svært gode munnlege og skriftlege engelskkunnskapar samt flytende skandinavisk
- Forståing for europeisk forskings-, utdannings- og innovasjonspolitikk
- Relevant erfaring innan ansvars- og arbeidsoppgåvene knytt til stillinga
Ønska kvalifikasjonar:
- Kjennskap til utdanningssektoren og/eller helseføretak, forskingsinstitusjonar og andre relevante
offentlege instansar. - Erfaring med effektivisering- og digitaliseringsprosessar
- God forståing for offentleg forvalting og god innsikt i krava som vert sett til kvalitetssikring og gode
administrative tenester. - God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag.
- God organisasjonsforståing.
Personlege eigenskapar:
- Trivast med samarbeid på tvers av ulike fagmiljø
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å bygge gode relasjonar
- Evne til raskt å sette deg inn i komplekse problemstillingar og sjå heilheita i utfordringar
- Evne til å identifisere behov og tenke strategisk
- Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Løysingsorientert
- Fleksibel i forhold til endring i arbeidsoppgåver
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 - seniorrådgjevar
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i handsaminga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktperson:
1) Administrasjonssjef Trude Engebretsen,
E-post trude.engebretsen@hvl.no
Tlf: 55 58 78 85
Om bedriften
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem kampus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.
HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.
HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 460 tilsette og om lag 5500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.
Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
846381ea-df60-4e2e-aa9c-f41081c139ce
- Sist endret
9. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10276542
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Haugesund, Bergen, Stord, Førde
Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i yrkespedagogikk/pedagogikk
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen