Kommunikasjonsrådgjevar
Høgskulen på Vestlandet
Inndalsveien 28, 5063 Bergen, Bjørnsonsgate 45, 5528 Haugesund, Klingenbergvegen 4, 5414 Stord, Svanehaugvegen 1, 6812 Førde, Røyrgata 6, 6856 Sogndal
Om jobben
- Stillingstittel
- Kommunikasjonsrådgjevar (seniorkonsulent/rådgiver)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for kommunikasjon har ledig ei 100% fast stilling som kommunikasjonrådgjevar.
Ei spennande stilling for deg som likar å jobbe med eit spekter av varierte kommunikasjonsoppgåver i ein stor organisasjon.
Vi ser etter deg som brenn for og motiverast av god kommunikasjon. Du finn stor inspirasjon i samfunnsoppdraget vårt og trivst godt i ein hektisk kvardag der du vekslar mellom operative og strategiske oppgåver. Du er opptatt av fagleg kvalitet og arbeider systematisk og grundig, og er flink til å skape godt og nyttig innhald til alle våre publiseringsflater. Du har sterk digital kompetanse, er språksikker og har god forståing for våre målgrupper.
Arbeidsstaden er ved ein av dei fem campusane ved HVL.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Planlegge, produsere, vedlikehalde og publisere godt innhald på alle digitale flater
- Bidra med god kommunikasjonsrådgiving i ein stor organisasjon i utvikling
- Delta i andre oppgåver i avdelinga etter interesse og kompetanse
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Relevant høgare utdanning frå universitet/høgskule på minimum bachelorgradsnivå
- Arbeidserfaring innan kommunikasjon
- God kunnskap om publiseringsverktøy for web, redigering av bilete etc.
- God evne til å sette seg inn i nye digitale verktøy
- Gode språkferdigheiter, særskilt nynorsk
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ivrig etter å lære og utvikle kompetansen
- Positiv og serviceinnstilt
- Strukturert og sjølvstendig
- Motivert og initiativrik
Evne til å prioritere i periodar med arbeidspress
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent/ 1434 -rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
Helge Olsen, nestleiar, Avdeling for kommunikasjon
tel: +47 55 58 75 54
e-post: Helge.Olsen@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.Om bedriften
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for kommunikasjon har ansvar for å leggje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4885fa02-bcd6-4207-bf7a-4941e05a2967
- Sist endret
21. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10278427
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Haugesund, Bergen, Stord, Sogndal, Førde
Seniorrådgjevar forsking og forskingsutdanning i fakultetsadministrasjonen
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Haugesund, Bergen, Stord, Sogndal, Førde