Rådgjevar / spesialkonsulent – 100% fast stilling.
Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS
Allehelgens gate 5, 5016 Bergen, Kalfarveien 82, 5022 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar / spesialkonsulent – kommunekontakt 100% fast stilling.
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. april
Sjekk ut dei fyrste 35 åra
Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS vart skipa i 1987. I samband med 35 års dagen laga vi ein video som fortalte om vår historie og samstundes litt om kven vi er og kva vi jobbar med.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=pSBnrGpySZoOm stillinga
Stillinga gjev deg ei sentral rolle i arbeidet med å styrkje arkiv- og dokumentasjonsforvaltninga i eigarkommunane våre. Du vil bidra til at kommunane gjennomfører arkivlova sine krav, intensjonar og føringar, og vere ein viktig fagleg støttespelar i utviklinga av gode løysingar for framtida.
Du vil arbeide tett saman med fagleiar og to andre rådgjevarar/kommunekontaktar i eit miljø prega av samarbeid, kunnskapsdeling og fagleg utvikling. Stillinga inneber noko reiseverksemd og tett dialog med kommunane.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil utvikle seg i takt med ny teknologi, endringar i lov- og forskriftsverk og behova til kommunane. Dette gjev deg moglegheit til å påverke og bidra til vidare utvikling av fagområdet.
Arbeidsoppgåver- Kundeansvar og kontaktperson for 6–10 eigarkommunar
- Etablere og vidareutvikle gode samarbeidsrelasjonar med kommunane
- Fagleg rådgjeving og rettleiing i gjennomføring av arkivlova og gjeldande regelverk
- Oppfølging av kommunane si arkiv- og dokumentforvaltning
- Utarbeiding av oversikter, analysar, kartleggingar og statistikk
- Opplærings- og informasjonsarbeid retta mot kommunane
- Sakshandsaming av førespurnader frå kommunane
- Koordinering av arkivfagleg arbeid
- Bistå kommunane med uttrekk, deponering og bevaring av arkiv og data
- Deltaking i prosjekt- og utviklingsarbeid innan fagfeltet
- Andre oppgåver innan verksemda ved behov
- Kommunekontakt
- Rådgjevar/spesialkonsulent
- Sakshandsamar
- Koordinator
- Stillinga rapporterer fagleg til fagleiar.
- Dagleg leiar har personalansvar.
- Søkjarar med relevant høgare 3-årig utdanning vil normalt bli tilsette som spesialkonsulent.
- Søkjarar med relevant høgare 5-årig utdanning vil normalt bli tilsette som rådgjevar.
Endeleg stillingskode og lønsplassering vert fastsett etter ei samla vurdering av utdanning, erfaring og kompetanse.
Kven ser vi etter
Vi ønskjer oss ein fagleg sterk og samarbeidsorientert rådgjevar/spesialkonsulent som, saman med fagleiar og dei andre rådgjevarane, skal vere eit sentralt kontaktpunkt mot kommunane. Du ønskjer å bidra til at eigarkommunane våre ligg i front innan arkivforvaltning og i arbeidet med å gjennomføre arkivlova sine føresegner og intensjonar.
Vi ser føre oss at du har:- 3–5 års relevant høgare utdanning, gjerne innan arkivfag, informasjonsforvaltning eller tilsvarande. Relevant og dokumentert arbeidserfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
- Erfaring frå liknande arbeid, roller eller oppgåver
- Kunnskap om arkivlovgiving, standardar og regelverk for arkiv- og dokumentforvaltning
- Kjennskap til kommunal forvaltning og organisering
- Kompetanse i eitt eller fleire elektroniske fagsystem og/eller sak- og arkivsystem
- Gjerne erfaring med migrering av databasar
- Førarkort klasse B (vi har eigen bil til tenestereiser)
- Er trygg i ei utadretta rolle med mykje dialog og rettleiing
- Har evne til å planleggje, koordinere og samordne arbeid
- Er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
- Har gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
- Ser moglegheiter i ny teknologi og ønskjer å ta nye løysingar i bruk
Hjå oss får du
- Ei meiningsfull stilling med mykje sjølvstende
- Ta del i eit engasjert fagmiljø som arbeider i skjeringspunktet mellom arkivfag, teknologi og samfunnsutvikling
- Moglegheit til å arbeide tett med kommunar i gjennomføringa av eit viktig samfunnsoppdrag
- Rause og dyktige kollegaer som deler fagkunnskap og støttar kvarandre
- Ein arbeidsgjevar som skårar bra på arbeidsmiljø, gjev moglegheit for fagleg utvikling og har ei raus kompetanseordning
- Medlemskap i KLP som har gode pensjonsordningar, konkurransedyktige forsikringsordningar og gunstig bustadlån
- Medlemskap i bedriftshelseteneste
- Fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
- Moglegheit for heimekontor etter avtale
- Betalt fridag mellom jul og nyttår
- Dekning av telefon- og mobildata
- Vert du tilsett som rådgjevar, tilbyr vi ei årsløn i spenn frå kr 600 000–705 000, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
- Vert du tilsett som spesialkonsulent, tilbyr vi ei årsløn i spenn frå kr 525 000–615 000, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
Har du særskilde kvalifikasjonar eller relevant erfaring, kan vi vurdere høgare løn.
Verdt å merke seg før du søkjer
Når du søkjer jobb hjå oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønskjer du å bli unnateken frå den offentlege søkarlista, må du grunngje kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får då moglegheit til å trekkje søknaden din.
For å bli vurdert som søkjar må du leggje ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål for utdanning teken i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse/ NOKUT(https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS er ein bevaringsinstitusjon og ei rådgjevingsteneste for 24 kommunar i Vestland. Vi er 17 tilsette og held til sentralt i Bergen.
Hjå Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS arbeider vi tett saman med eigarkommunane for å utvikle ei dokumentasjonsforvaltning tilpassa ei digital tid og eit fagfelt i rask utvikling.
Vi går på jobb for demokratiet, rettstryggleiken og kulturarven vår. Kvar dag arbeider vi med å bevare og gjere eigarkommunane sine arkiv tilgjengelege – og slik opnar vi dørene til historiene frå 1837 og fram til i dag.
Vi er opptekne av å finne gode og framtidsretta løysingar som sikrar viktig samfunnsdokumentasjon – både for innbyggjarane i dag og for komande generasjonar.
Vi deltek aktivt i nasjonalt utviklingsarbeid, brukar fellesløysingar og samarbeider med Nasjonalarkivet og andre fagmiljø for å utvikle framtidas arkivforvaltning.
Verdiane våre er raus og ryddig. Vi er rause kollegaer og ryddige fagfolk. Som arbeidsgjevar er vi òg opptekne av å vere ryddige og rause. Det betyr at vi har rammer og forventingar, samstundes som vi møter medarbeidarane våre med fleksibilitet, tillit og omtanke når det trengst.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1a17fdc7-c17f-440b-8e6b-3aadb4d8c177
- Sist endret
9. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10281437
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen, Stord
Politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeider, etterforskning
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen