Systemforvalter Dynamics
Human-Etisk Forbund
Brugata 19, 0186 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Systemforvalter Dynamics
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 18. november
Bli med og bygg ein medlemsorganisasjon i sterk vekst! Det at me er ein organisasjon som veks, inneber at me er ekstra avhengig av at me har oppdaterte og funksjonelle IT-løysingar - og at me har meir kompetanse internt. Som systemforvaltar vil du jobbe saman med andre i avdelinga og organisasjonen for å forvalte og drifte løysinga, samt med kompetente leverandørar for å vidareutvikle og bygge vidare på løysinga. Du vil vere tett involvert i å velje retning, finne løysingar og å bygge essensielle funksjonar som fungerer for medlemmene, tilsette og tillitsvalde. Du vil dermed ha ei nøkkelrolle i å utforme korleis vi jobbar med system i framtida.
Me søker ein person som liker å finne løysingar, sjå samanhenger, og som trivs i spennet mellom store planer og kvardagsbehov. I Human-Etisk Forbund brukar me Dynamics 365 som vårt CRM- og medlemssystem. Me brukar store delar av Dynamics 365-plattformen. Dette er inkludert, men ikkje avgrensa til: Customer Service, Customer Insights - Journeys, Power Plattform, Power Automate, og Power BI. Erfaring med fleire av disse komponentene er ein stor fordel.
Denne stillinga vil au samarbeide tett på tvers av avdelingar som skal jobbe med å forvalte forskjellige produkt inne i Dynamics-portefølja. Sjå gjerne på våre andre stillinger for å sjå litt av omfanget på vår satsing på Dynamics.
Viss dette vekker interessa di, finn du fleire detaljar nedanfor.
Arbeidsoppgåver
Som systemforvaltar vil du kunne jobbe variert. Arbeidsoppgåvene dine vil blant anna vere:
- Forvalte og støtte vår Dynamics 365-plattform
- Eige og kvalitetssikre plattformen, saman med andre prosesseigarar i organisasjonen
- Bidra til kunnskapsløft i avdelinga og forbundet for å kunne drifte meir av plattforma internt
- Bidra til vidareutvikling og testing av plattform og integrasjonar saman med våre eksterne samarbeidspartnarar
- Støtte kollegaer med faglege avklaringer og funksjonelle spørsmål, samt praktisk bistand i bruk av plattforma
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule og/eller lengre relevant erfaring
- 2 - 3 års erfaring som funksjonell konsulent for å drifte og utvikle Dynamics 365 og Power Plattform, evt. tilsvarende erfaring med andre CRM-system
- Nyttig med god prosess- og forretningsforståing
- Det er nyttig med erfaring eller kjennskap til frivillighet og drift av medlemssystem i medlemsorganisasjoner
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som;
- Liker arbeide sjølvstendig
- Synest det er spennande å utvikle og forme løysingane våre
- Liker komplekse oppgåver som krev stor grad av fleksibilitet
- Har evna til å jobbe med kortsiktig fiks og med langsiktig strategi parallelt
- Blir motivert av å gjere arbeidsdagen til kollegaene dine betre
Me tilbyr
Me tilbyr ei spennande stilling i eit hyggeleg og fleksibelt miljø der du vil kunne få utvikle deg. I avdelinga har me eit opent og inkluderande miljø. Me kjenner kvarande godt, og legg stor vekt på å spele kvarandre gode, utvikle oss fagleg, og å ha det gøy på jobb. Noko kveld- og helgearbeid må du rekne med. Oslokontoret ligg sentralt, med kort veg til offentleg transport.
Me ynskjer å ha ein god balanse mellom jobb og fritid. Me har for tida fleksitidsordning og det er mogleg å ha heimekontor. Me har gode forsikrings- og pensjonsordningar, sosiale samlingar for tilsette og vår eiga velferdsgruppe som gjennomfører sosiale arrangementer i og utanfor jobb.
Human-Etisk Forbund arbeider mot alle former for diskriminering, og kjemper for mangfald. Slik vil me også ha det på arbeidsplassen vår, og me meiner oppgåver blir løyst aller best når medarbeidarane har ulik kompetanse, fagkombinasjon, livserfaring og perspektiv. Me tilrettelegg sjølvsagt for medarbeidarar som har behov for det. Me oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering eller bakgrunn, til å søke!
Human-Etisk Forbund er ein livssynsorganisasjon. Søkjarar må difor vere klar over at dei aller fleste som jobber her deler et humanistisk livssyn. Les meir om våre verdier og hjartesakar på www.human.no. Me bruker elektronisk søknadsprosess. Dette betyr at kun søknadar sendt via vårt elektroniske søknadssystem vil bli vurdert.
Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Avsluttande høgare utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT. Godkjenning må dokumenterast. Søkarar vil bli bedt om å oppgje referansar.
Kontaktinformasjon
Dea-Renate Miranda, Avdelingsleder IT, +47 980 23 407Kristian Haugnes, HR-rådgiver, 481 36 764
Arbeidssted
Brugata 190186 Oslo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Human-Etisk ForbundReferansenr.: 5039274508
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Kristian Haugnes
HR-rådgiver
481 36 764
Dea-Renate Miranda
Avdelingsleder IT
+47 980 23 407
Om bedriften
Human-Etisk Forbund er et humanistisk livssynssamfunn som arbeider for å være til stede for sine medlemmer og jobber for et samfunn der alle mennesker har frihet til å bestemme i sine liv.
Forbundet har over 178 000 medlemmer og vokser stadig. Human-Etisk Forbund er verdens største humanistorganisasjon og del av en internasjonal humanistbevegelse. Av forbundets nærmere 120 medarbeidere har omtrent halvparten sin arbeidsplass ved våre 10 kontorer rundt i landet. Vi betjener et stadig økende antall mennesker og har ca. 80 lokal- og regionlag spredd over hele landet.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8456f36c-f9f1-49d6-bb13-e16f1c0d170a
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
92176b6c219d47f68e8d9d1fc7ee58fc
Lignende annonser
Arbeidsgiver
HR-forvaltning, Oslo kommune, Utviklings- og kompetanseetaten
Sted
Oslo
IT-Rådgiver - Systemforvalter
Arbeidsgiver
IT-Systemforvaltning, Lillestrøm kommune
Sted
Lillestrøm
Konsulent - IT applikasjoner
Arbeidsgiver
Ansettr AS
Sted
Oslo